Desse skal leia Sogndal 2 i 2024!

Trenarteamet til Sogndal 2 for 2024 er klart!

Det blir endringar i trenarteamet etter at Nils Tore Krosshaug og Martin Natvig skal vidare til nye oppgåver i 2024. Nils Tore skal bidra rundt A-laget, medan Martin overtek som ny hovudtrenar for Sogndal FK Damer. 

Den nye hovudtrenaren for Sogndal 2 er Patrik Karoliussen. Han har vore toppspelarutviklar i klubben, men skal no overta ansvaret som hovudtrenar. Me har teke ein prat med den nye sjefen:


Saman med Patrik er det Kjetil Sønnesyn og Endre Kupen som blir assistentar. Her gjenstår det endå nokre detaljar før alt er på plass, men me satsar på at begge to er klare for å bidra! I tillegg skal Håvard Hetle bidra med sin kompetanse som keepertrenar.

Slik blir trenarteamet og støtteapparatet for Sogndal 2:

  • Hovudtrenar: Patrik Karoliussen
  • Assistenttrenar: Kjetil Sønnesyn
  • Assistenttrenar: Endre Kupen
  • Keepertrenar: Håvard Hetle
  • Fysioterapeut: Kasper Lie
  • Materialforvaltar: Morten Rørstadbotten
  • Analyse: Morten Olsen
Annonse fra Obos-ligaen: