Det var ein gong: Cupfinalen
I dag er det 50 år sidan Sogndal spelte cupfinale mot Brann!
«Finalen som ingen skulle tapt».
«Brann vant kampen, Sogndal vant hele nasjonens hjerter».
Dette var overskrifter i Oslo-avisene etter ein forrykande finale på sagflisa på Ullevål. Ein finale som levde heilt til sluttminutta.
Oskeladden Sogndal utlikna til 1–1 knappe ti minutt før slutt, då Knut Christiansen heada ballen i mål. Brann var i ferd med å miste grepet og sette inn ein ekstra stoppar mot slutten. Ved to høve var det fare på ferde framfor Brann-målet. Ein solid Sogndal-offensiv skapte kaos i Brann-forsvaret.
I staden utnytta Bjørn Tronstad ein ørliten glipp i Sogndal-forsvaret og avgjorde kampen. Berre fire minutt før slutt. Bittert der og då.
Det var folkevandring til hovudstaden denne oktoberhelga for 50 år sidan. Ein vestlandsfinale som har gått inn i historia som ein av dei mest dramatiske og livlege finalane som har vore spelte.
Ein historisk finale, med Sogndal frå 3. divisjon, to vestlandslag i finalen og endeleg eit lag frå Sogn og Fjordane. Og dessutan med sitt eige musikklag på bana!
Oslo sydde av cupstemning. Byen var fullpakka med raudkledde og svart-kvite supportarar. Sensasjonslaget Sogndal var naturleg nok favoritten til folket.
Å gå ut på Ullevål til ein cupfinale var stort. Eit enormt trøkk frå eit fullsett Ullevål. Kong Olav på tribuneplass. (Det var dei som hevda at kongen klappa då Sogndal utlikna.)
Det var litt startvanskar det første kvarteret, men etter kvart var Sogndal fullt på høgde med storfavoritten Brann. Banetilhøva gjorde det vanskeleg for ein spelar som Svein Bakke, men Sogndal produserte likevel nok sjansar til å skåre både eitt og to mål i tillegg til headinga til Knut mot slutten.
At storebror Brann gjekk sigrande ut, var alt i alt greitt. Kanskje var det rutinen som avgjorde? Men Sogndal imponerte alle og plasserte klubben på Noregskartet med brask og bram.
Det vart avslutninga på ein sesong med totalt 45 kampar utan tap fram til cupfinalen. Opprykket til 2. divisjon var alt i boks. Sogndal IL feira 50 år. Det var all grunn til å juble for Sogndal Fotball.
Sogndal er bra – det fekk heile Fotball-Noreg eit solid prov på!
Og viktigast av alt: Ei 50 år lang historie på nivå 1 og 2 i norsk toppfotball var i gang.
Sogndal sin veg mot finalen på Ullevål: Sogndal–Jotun 3–0, Os–Sogndal 1–0, Sogndal–Viking 2–1, HamKam–Sogndal 1–0, Sogndal–Start 1–0 og Steinkjer–Sogndal 3–1.
Brann sin veg mot finalen: Brann–Stord 3–0, Florvåg–Brann 0–6, Brann–Fana 4–1, Aalesund–Brann 2–4, Brann–Bodø/Glimt 1–0, Brann–Odd 3–0.

.png)
.png)