Det vart poengdeling mot Kongsvinger

Gjennomsnittspulsen på de som såg kampen var nok rimelig høg siste halvtimen

Det blir poengdeling etter ein nervepirrande kamp, spesielt 2.omgang. Kongsvinger gjekk til pause med eit målleing og då skal eg innrømma at det så tøft ut for karane. Men der kunne eg ikkje teke meir feil!  Me snur kampen, og karane gav seg ikkje med det første. Ingimundarson kjem seg gjennom til venstre, der finn han Nessø på bakarste stolpe som smell den inn etter 57 minutt.

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Knappe 5 minutt etter finn Jonnson heimedebutant Oskar Borghtorsson som knallar ballen hardt ned i hjørnet  frå utanfor 16.meteren.

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Karane er ikkje heilt ferdig endå, og målskårar Nessø serverer Ørjasæter ballen inni boksen, som avsluttar hardt nede i hjørnet rett etter klokka var bikka 70 minutt.

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Som Sogndal svarte Kongsvinger kjapt tilbake med to kjappe mål og stillingar står 3-3, 8 minutt etter scoringa til Ørjasæter. Kongsvinger var farleg nære på å ta med seg alle poenga til skogen men der var sisteskansen vår Fij på jobb!

Det endar 3-3 og begge lag får med seg eit poeng, me takkar for den gode støtta på Campus i dag!

Mål: 0–1 Jesper Grundt 7. min, 1–1 Kristoffer Nessø 57. min, 2–1 Oskar Borgthorsson 61. min, 3–1 Sondre Ørjasæter 71. min, 3–2 Vegard Leikvoll Moberg 73. min, 3–3 Martin Vinjor 78. *min

Slik ser tabellen ut no:

K P
5 Aalesund 22 35
6 Sogndal 22 35
7 Egersund 22 33
8 Ranheim TF 22 32


Ynskjer alle ei god helg vidare

STAO NO PAO

 

WhatsApp Bilde 2023-07-08 kl. 13.53.51w.jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: