%20kopi.jpg)
Dette er Tuomas Pippola!
Bli betre kjend med vår nye midtbanespelar frå Finland! A-laget
Tidlegare i august signerte me Tuomas Pippola, f. 12. oktober 2004. Den finske midtbanespelaren kom på ein overgang frå TPS på nivå 2 i Finland, og no er han på plass i Sogndal. Bli litt betre kjend med vår nyaste signering!
- Eg er ein fysisk sterk og rask midtbanespelar, som er god med ballen i beina og likar å drible. Så jobbar eg med å utvikle meg framføre mål, og føler at eg har ein ganske bra avslutning med begge bein, svarar Tuomas på spørsmål om kva spelartype han er.
Tuomas Pippola kjem frå den finske byen Turku (Svensk: Åbo) i sør-vest Finland. Barndomsklubben er Turun Palloseura, også kjent som TPS, og det er her han har gått gradene gjennom karriera. Dei siste sesongane har TPS spelt på nivå 2 i Finland, og før siste del av sesongen er dei i posisjon til å kjempe om opprykk. Tuomas har vore ei viktig brikke for barndomsklubben sin, og på 17 kampar i årets sesong står han med 10 scoringar og 4 målgivande pasningar frå midtbaneposisjon. No tek han steget ut av Finland og held fram karriera i Saftbygda.
- Eg trur dette er ein fin stad for unge spelarar å utvikle seg. Det er mange spelarar som har tatt steget frå Sogndal til større klubbar, noko eg ser på som positivt. Det er ein fin stad med fantastiske fasilitetar, og alt ligg til rette for at eg kan få ut potensialet mitt. Eg snakka også med Luis [Pimenta] nokre gonger før overgangen, og vart overbevist om at det var riktig steg for meg.
.jpg)
Tuomas Pippola er på plass i Sogndal!
Martin Salbu
.jpg)
Tuomas Pippola er på plass i Sogndal!
Martin Salbu
.jpg)
Tuomas Pippola er på plass i Sogndal!
Martin Salbu
Sogndal har gode tradisjonar med finske spelarar, sjølv om det byrjar å bli lenge sidan sist. Me må tilbake til 2016-sesongen for å finne dei to førre spelarane frå vårt naboland i aust. Ventreback Jukka Raitala spelte ein veldig god sesong før han reiste vidare til MLS, men den mest kjende frå nyare tid er nok Hannu Patronen. Midtstopparen spelte 5 sesongar i Sogndal og vart ein klubblegende som alltid ofra alt for klubben. Tuomas fortel at han kjenner til den finske linken, og hugsar også ein annan spiss med fortid hjå oss:
- Eg kjenner ikkje så godt til Sogndal frå før, men eg veit at det har vore nokre finske spelarar her. Eg hugsar iallefall at Jukka Raitala spelte her. I tillegg har Peter Michael spelt i toppdivisjonen i Finland, og han spelte jo nokre sesongar her i Sogndal.

Hannu Patronen
Rune Sjøberg

Jukka Raitala og Eirik Bakke
Rune Sjøberg
Tuomas er tydeleg på kva som er ambisjonen, og framover handlar det om å bidra til laget, og å jakte opprykket til Eliteserien:
- Eg ønskjer å rykke opp med Sogndal, og skal gjere alt eg kan for å bidra til laget. Målet blir spesielt å bidra med målpoeng og å hjelpe laget til å vinne fotballkampar framover.
Tuomas kom til Sogndal på måndag, og fekk ei trening med karadn før sin fyrste kamp. Debuten kom altså i andreomgangen mot Bjarg, og dei fyrste minutta er gjennomført:
- Det var godt å få debuten gjennomført, sjølv om det vart ein vanskeleg kamp å kome inn i. No er eg i gang, og eg trur kampen mot Stabæk kan bli ei betre oppleving.
Neste moglegheit for å sjå Tuomas i aksjon kjem allereie på måndag i bortekampen mot Stabæk. Me jaktar ein ny siger i OBOS-ligaen og håpar å sjå mange på bortefeltet på Nadderud!
STAO NO PAO!