
Dette skjer på kampdag
Laurdag spelar vi mot Kongsvinger på Fosshaugane Campus
Her er ei oversikt over korleis ein kan planleggja Laurdagen på og utanfor Fosshaugane Campus!
JUNIORSVINGEN:
Juniorsvingen er Saftkokaradn sin avdeling for dei yngste supportarane og her er alle barn velkommen! Det blir lånt ut flagg og sanghefter
► kl.14.40: For dei som ynskjer vil det vere mogleg å løpe med flagg inn på grasmatta og rundt midtsirkelseglet på Fosshaugane før avspark. Dei små supportarane må då vere på plass på feltet 14.40
SAFTKOKARADN:
► Kl.12.00: Fjøra pub opnar og tek imot alle supportere som vil møtast før kamp, her finn du god stemning og oppkøyring før kamp!
►Sogndalspelarane Kasper Skaanes og Kristoffer Steinset tek turen på Fjøra pub for å hilse på!
- Saftkokaradn går saman opp til Fosshaugane Campus før kampstart
- Lad opp til morgondagens kamp med å høyra den nyaste podkastepisoden med Sondre Holmlund Ørjasæter som gjest, der svarar han på lyttarspørsmåla de har sendt inn!
MÅLKLUBBEN: (OPE FOR ALLE)
- Møt gjerne opp i god tid før programmet startar, me serverar kaffi og vaffel!
► Kl.14.00: Espen Nystuen som er dagleg leiar i Kongsvinger kjem innom for ein prat
► Kl.14.20: Terje Skjeldestad informerer om kamp opplegget og Tore André Flo med siste nytt frå garderoben og laget
► Kl.14.35: Erling Ola Fykse fortel om laga som speler i Nasjonal Serie G.15/-17 og 19
Etter er det tid til den viktige fotballpraten og mingling, og kanskje kjem Jon Navarsete med tilbakeblikk på tidlegare oppgjer mot Kongsvinger! Dette er kjekt å få med seg før den viktige kampen som startar 15.00 på Fosshaugane Campus.

Me håpar å sjå deg på kamp i morgon!
> Runde 19, OBOS-ligaen 2023
> Sogndal - Kongsvinger
> Fosshaugane Campus
> Avspark klokka 15.00
STAO NO PAO!