Dramatisk sluttspurt sikra eit viktig poeng!

Det enda 2-2 i toppkampen mot Kongsvinger

Det såg lenge mørkt ut med tanke på poeng, og når klokka passerte 90 minutt stod det 0-2 på tavla. Då dukka Preben Asp opp i boksen og satte fyre på kampen. Per-Egil Flo stanga inn utlikninga, og det kunne faktisk kome fleire mål i kaoset på overtid.

I den fyrste omgangen var det ikkje mange store sjansar, og det såg ut til å stå 0-0 til pause. Bortelaget var nærast scoring dei fyrste 45, og berre ei god redning frå Daniel Sætren holdt ballen ute. 3 minutt på overtid fekk allikevel Kongsvinger frispark og toppscorar Lukas Ravn-Haren satte ballen direkte i mål til 0-1.

Etter pause var det heller ingen fyrverkeri av ein kamp, men det skulle ta av mot slutten. Fyrst auka Kongsvinger til 2-0 etter 78 minutt. Deretter fekk dei raudt kort i det 83. minutt, og karadn satsa hardt for å få ei redusering. På overtid la Martin Sjølstad inn mot Preben Asp. Spissen fekk dempa ballen og vippa ballen elegant via stolpen og i mål til 1-2. Fosshaugadn vakna og fekk håp om eit poeng. 

Karadn satte inn ein verkeleg sluttspurt og Kongsvinger med 10 mann fekk store problem med å halde følgje. Stolpeskot og redningar hindra utlikning heilt fram til veteranen Per-Egil Flo steig til værs. Lukass Vapne sitt innlegg fann hovudet på Flo som stanga inn utlikninga 7 minutt på overtid. Det betyr at me sikrar eit veldig viktig poeng i sluttspurten av årets OBOS-liga.

Neste kamp er på bortebane mot Aalesund om ei veke. Laurdag 4. oktober kl. 16:00 skal det kjempast om nye poeng.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: