Eirik Bakke gleder seg til ny sesong

Sesongen 2016 har bydd på oppturar og nedturar. No ventar Eliteserien 2017!

Eirik Bakke sin første sesong som trenar i Tippeligaen (Eliteserien frå 2017) er no ferdig spelt. Resultatet vart ein 11. plass, og gutane var aldri ein del av nedrykksstriden som mange kanskje frykta før sesongstart. Både laget og trenarteamet har hatt ei positiv utvikling gjennom sesongen, og verkeleg teke Tippeligaen på ein god måte.

- Sesongen 2016 har vore særs positiv med ei god utvikling av laget. Fleire av gutane hadde ikkje spelt Tippeliga før, og eg synes både dei nye spelarane samt dei som var i laget frå før har tatt steget bra, fortel Bakke.

Eit av dei største spørsmåla før sesongen var vel nettopp korleis Sogndal kom til å ta steget opp til Noregs øvste nivå.

Lars Christian Kjemhus mot Odd heime
Lars Christian Kjemhus mot Odd heime

- Sjølv om me hadde eit par erfarne gutar med oss, så var det mange ferske spelarar på laget. Da me ser tilbake på sesongen no føler eg at dei har svart på det spørsmålet på ein god måte. Me har vist ein ny måte å spele fotball på, og mot dei fleste av våre motstandarar har me spelt vårt spel. Grunnlaget som no er lagt gjør det enklare å jobba vidare inn mot neste års sesong, seier Bakke. 

11. plass og 36 poeng
- Eg følte nok litt på nedrykksstria sjølv om eg ikkje ville sei det. Ein blir aldri heilt roleg før det er spikra. Me kunne nok ha avgjort tabellsituasjonen lengre før me gjorde, men her var det fleire faktorar som spelte inn, fortel Bakke.

Salet av Strand og Sarr
Faktorane Bakke siktar til er med anna spelarsalet av Petter Strand og Babacar Sarr til Molde. – Me fekk nokre utfordringar da me selde to av dei beste spelarane på laget. Me veit nok at dersom me hadde beheldt Sarr i sommar, kunne me nok hamna høgare på tabellen. Spelarane som kom inn har sjølvsagt gjort jobben, men dei skal settast inn i laget og det var store sko å fylle etter Sarr. Han er nok ein av grunnane til at me har gjort det så godt dei siste åra, seier ein audmjuk Bakke.

Babacar Sarr
Babacar Sarr

Noko å strekka seg etter i 2017
- Men me skal vere nøgde. Sjølv om me fekk nokre på tryne på slutten av sesongen, burde det gi oss litt svolt inn mot neste års Eliteserie. No har me noko å jobba vidare med og strekka oss etter, fortel Bakke. 

Lærerikt år
Det har våre ein læreriksesong for fleire, Bakke inkludert med sitt første år som trenar i Tippeligaen. Sjølv meiner han at det ikkje har vore så stor forskjell på trenarrolla frå OBOS til Tippeligaen.

- Den største forskjellen er nok at me møter betre lag med mykje erfaring. Teamet har jobba godt med Terje Skjeldestad i spissen. Det er ein bra gjeng som står på og jobbar hardt 24 timar i døgnet. Dette er nøkkelen til gode resultat, fortel Bakke.

Artikkelen held fram under biletet.

Eirik Bakke og Jukka Raitala Bodø:GlimtH 2016 Foto - Rune Sjøberg-1600x1067.JPG
Bakke og Skjeldestad coacher frå sidelinja.

- Både trenarteamet og heile klubben generelt har tatt nye steg og det er det viktigaste. At me har utvikla oss og tør å tenke nytt mot det som møter oss. 

Nederlaget mot Brann i Bergen sit inne
Sesongen 2016 har bydd på både oppturar og nedturar. På spørsmål om kva Bakke hugsar best frå sesongen er han ganske kjapp.

- Tapet i Bergen har eg ikkje gløymt enda. Måten me framstod på der svir litt. Det er litt gale at eg tenker på den, sjølv om me har hatt mange gode augneblikk, så er det den som sit igjen. Det er slike kampar me må korrigere på til neste år, seier Bakke.

Mykje positivt frå 2016
Kampane mot Molde og Rosenborg heime var nok dei beste oppgjera Sogndal hadde i år. Bakke fortel at dette var kampar der Sogndal underheldt og spelte sitt eige spel.

- Her fekk me brynt oss skikkeleg mot to gode lag og vist litt av det som bur i oss. Borte hadde me og mange gode kampar. Høgdepunktet var kanskje da me kjørte over Aalesunds, både spelemessig og i forhold til mål, fortel Bakke.

Skal angripa i 2017
Nokre av gutane frå 2016 sesongen har gitt seg, og dette opnar moglegheiter for nye unggutar som vil stå fram.

- Eg er veldig positiv inn mot Eliteserien 2017. Målet er jo sjølvsagt at me skal etablere oss, og vidare veit me at det blir ein tøff sesong. Me må angripa og jobba med å tru på oss sjølv, seier Bakke.

Vinne fleire kampar på Fosshaugane
I år ble det 7 uavgjorte heime på Fosshaugane Campus, dette er noko Bakke tenker å gjere noko med.
- Til neste år er det delar av fasar i spelet vårt som me må forbetre. Me må stadig utvikle oss og bli enda betre mot etablert lag. Det er blitt for mange uavgjort på heimebane, så til neste år må me vinne fleire kampar framfor heimepublikummet.

Artikkelen held fram under biletet.

Saftkokaradn- 1600x1067.JPG
Saftkokaradn og 1926 - vår 12. mann

Engasjert i eigne rekker - kunnskap ut i fylket
Bakke har vore engasjert i arbeidet med å få kunnskap ut i eigen klubb og ut til fylket.
- Trenar-teamet har i år hatt eit stort fokus på å få til eit godt konsept rundt A-laget. Det føler eg me har fått til no. Framover blir arbeidet å vidareføre dette systemet ned i eigne rekker og ut i fylket, fortel Bakke.

Gjennom å arrangere ulike tiltak i Sogndal, kan me vera med på å påverke gode spelarar som vil spela i toppen

— Eirik Bakke


Eit av grepa for å få til dette er tilsetjinga av Nils Tore Krosshaug. Han kjem til å ha hovudansvaret for utvikling ned mot gutelag og smågutelag saman med Marius Bøe. Målet er å få inn den rette mentaliten hjå yngre spelarar, og ikkje minst måten Sogndal spelar på.
- Dette er eit system me skal jobbe med nedover mot kretslag og inn mot dei beste spelarane i Sogn og Fjordane, fortel Bakke.

- Gjennom å arrangere ulike tiltak i Sogndal, kan me vera med på å påverke gode spelarar som forhåpentlegvis ein dag skal spele på Sogndal. Det er dette som må til dersom me skal få opp fleire som skal spela spela i toppen, både i Sogndal, Florø eller andre stader. Det er viktig at me har fokus på det, og det har me no i klubben, fortel Bakke.

God jul og godt nyttår
- Eg vil ønskje god jul og eit god nyttår til alle sogndalsupporterane og til alle som har hjarta sitt i Sogndal. Så håper me på ein endå betre sesong til neste år – det er i alle fall det som er målet, avsluttar Bakke med eit smil.

Sesongkort Eirik 1600x1067.jpg
Sikre deg Eliteserien 2017 på Fosshaugane Campus - kjøp sesongkort no

Kjøp sesongkort her!

Annonse fra Obos-ligaen: