Eirik Bakke leiar laget ut sesongen

Sogndal Fotball er glade for å informere om at Eirik Bakke held fram som hovudtrenar ut sesongen.

Eirik Bakke (48) blir hovudtrenar for Sogndal Fotball ut sesongen. 

– Me er glade for at Eirik ønskjer å halde fram som hovudtrenar. Han kjenner klubben svært godt og har gjort ein viktig jobb for klubben og laget dei siste månadene. Me opplever at han har skapt ro, tryggleik og utvikling, seier dagleg leiar Ingrid Narum.

Eirik har vore mellombels hovudtrenar sidan slutten av juni. No ser han fram til å halde fram arbeidet med spelargruppa.

– Eg er veldig klar for ein spennande haust, som begynnar med Strømmen på søndag, seier Bakke.

Eirik Bakke har ei lang historie i Sogndal Fotball, både som spelar og trenar.

Han debuterte for A-laget berre 15 år gammal og vart raskt ein sentral spelar på laget. Då Sogndal rykte opp til Eliteserien i 1996, skåra 19 år gamle Bakke i begge kvalifiseringskampane mot Odd.

Tre år seinare gjekk ferda vidare til Leeds United i Premier League, som eitt av Sogndals største sal gjennom tidene. 

Sogndal-gut.
Sogndal-gut.

Han kom heim att til Noreg i 2006 og var med på å vinne Eliteserien med Brann året etter. Bakke avslutta karrieren i Sogndal i 2011 og 2012.

I 2015 returnerte han til Fosshaugane som hovudtrenar. Bakke leia laget opp att i Eliteserien på første forsøk.

Me er takksame for at Eirik har stilt opp for klubben i ein vanskeleg periode denne sesongen og ser fram til haustsesongen saman.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: