Etter kampen

Sjå reaksjonane etter 2-0 mot AaFK

Det vart ein fin fredagskveld utav det då domaren blåste av kampen i går. På storskjermen stod det 2-0 til heimelaget, og den trange starten på sesongen er no snudd i meir positiv retning.

Jubelen stod i taket då Sivert drog i gang Ropet

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video



Me snakka med både Eirik Bakke og Per-Egil Flo etter kampslutt, og kva dei sa, kan du sjå her og vil du sjå flotte bilete med Per-Egil og korleis han feira i lag med døtrene, ser du det i Sogn Avis her. Også Porten snakka med Per-Egil etter kampen.

Resultata i runde 6 
Bryne - Grorud - 3-2
KFUM - Ranheim 2-1
Raufoss - Jerv 3-0
Sogndal - AaFK 2-0
Start - Ull/Kisa 1-3
Stjørdals-Blink - Sandnes Ulf 1-2
Strømmen - Åsane 1-0
Fredrikstad - HamKam 0-1

Tre av våre karar kom på Rundens lag hjå NTB
Tre av våre karar kom på Rundens lag hjå NTB

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Mansour spelte ein stor kamp for oss i går, og fekk faktisk betre betalt på Børsen i Sogn Avis Journalist Romøren sin dom over den nye bautaen vår: Stangar fint inn sitt første mål for klubben. Like viktig; ryddar opp i stor stil bakover. Enorm i duellspelet, og har fleire viktige blokkeringar.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Me snakka óg med både Sivert Mannsverk og Daniel Eid. Daniel gledde seg ekstra til å møta pappa Sindre etter kamp, som kjent jobbar senior i AaFK. Og i Sogn Avis fortel den unge karen frå Ullsteinvik meir om sit syn på Aalesund i denne saka

I dag har karane hatt restitusjon. I morgon får dei ein fridag, og på måndag er det først trening på Fosshaugane, før dei lastar opp bussen til Sveinung og tek turen over Filefjell og til Mjøsa.

På tysdag klokka 20:00 er det ny kamp. Då ventar tabelltopp HamKam, som flyg høgt etter 6 kampar utan tap. Dét har me tenkt å gjera noko med! Her er tabellen når det gjenstår 24 kampar av sesongen, det er altså litt tidleg å sjå for mykje på denne.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Stabæk Stabæk 19 13 3 3 52 21 31 42 V V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 19 13 3 3 49 28 21 42 V T V V V
3 Haugesund Haugesund 19 13 1 5 60 36 24 40 T V V T V
4 Strømsgodset Strømsgodset 19 11 5 3 50 27 23 38 U V T V V
5 Hødd Hødd 19 9 3 7 33 35 -2 30 T V V V T
6 Odd Odd 19 8 5 6 35 29 6 29 U V U T T
7 Bryne Bryne 19 9 2 8 26 27 -1 29 V T V V V
8 Egersund Egersund 19 8 2 9 31 35 -4 26 U V V T T
9 Ranheim TF Ranheim TF 19 7 2 10 46 49 -3 23 T T V T T
10 Lyn Lyn 19 7 2 10 31 39 -8 23 U V T V V
11 Sogndal Sogndal 19 6 4 9 34 45 -11 22 V T T V U
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 19 6 2 11 26 35 -9 20 T T T T T
13 Moss Moss 19 5 4 10 31 43 -12 19 T T U T U
14 Strømmen Strømmen 19 5 3 11 28 46 -18 18
15 Åsane Åsane 19 5 2 12 28 42 -14 16 U T T V T
16 Raufoss Raufoss 19 5 1 13 23 46 -23 16 V T T T T

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: