Florø - SOGNDAL
Florø Stadion kl 18.30
Me er på veg til Ullevaal!
I første runde hadde me verdas kortaste reise; då spelte me mot Fjøra på Fosshaugane Campus.
I andre runde fekk me litt lenger tur, til Raufoss på Toten. No går turen vestover, og me er ute ved Palmekysten. Me er klare for 3. runde i NM mot Florø Fotball.
Dette er dagens kamptropp:
Mathias Lønne Dyngeland, Tarjei Aase Omenås, Taijo Teniste, Eirik Skaasheim, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Espen Næss Lund, Simen Brekkhus, Kristin Jónsson, Eirik Birkelund, Johan Hove, Chidiebere Nwakali, Gilbert Koomson, Eirik Schulze, Martin Ramsland, Bendik Bye, Fredrik Flo og Lars Christian Kjemhus.
Alt ligg an til eit spennande oppgjer på Florø Stadion i kveld. Lokaloppgjer, to klubbar som kjenner kvarandre godt, det er cup, og då kan alt skje. Me hugsar óg fem år tilbake i tid. Det gir denne kampen ein ekstra dimensjon og nerve. Det var ikkje kjekt å ligga på toppen av Tippeligaen og so ryka ut av cupen i første runde mot eit lag i 3. divisjon.
Publikum bør ta turen i dag. Det ligg an til ein skikkeleg cupfest, og Florø har pynta seg.
I dag gjeld det at gutta er påskrudde frå start. Florø kjem til å gå ut som viltre maur og har skikkeleg lyst til å klå oss. Me må knusa til frå start, og få kampen inn i vårt spor. Me møter eit godt fotballag. Cup er cup, og dette kan bli eit nervedrama av det sjeldne. Ta turen og støtt gutta!
Me gler oss til kamp!
3. runde NM
Florø - Sogndal
Florø Stadion
Avspark klokka 18.30
Stao no pao!!