Før avspark
Sarpsborg 08 - Sogndal
Då er ventetida over, me er klare for ny sesong i landets øvste divisjon, og i år går sesongstarten borte mot Sarpsborg 08.
Me møtte "Guttæne" med "Lange flate ballær" tidleg i fjor óg. Det var kaldt i vêret og karane reiste seg etter smellen i Bodø (0-2). Sarpsborg 08 er ikkje eit enkelt lag å bryna seg på når dei har Fossefallet i ryggen, men gutta til Eirik Bakke kjempa seg til eitt poeng i kampen som enda 0-0.
Då Særpingane kom til oss, var det varmt i sola og gutta våre baud opp Fosshaugane til dans. Me var verkeleg på hogget, og det enda 3-0 etter skåringar av Martin Ramsland, Ole Amund Sveen og Gilbert Koomson.
Det skal seiast at me har hatt både gode og mindre gode opplevingar i Sarpsborg.
I nedrykkssesongen 2014 måtte Mathias Dyngeland plukka tre ballar ut av eige garn. Då tapte me 3-1.
i 2013 tok me med oss alle poenga. Då skåra Sidy Sagna etter assist frå ingen ringare enn Gilbert Koomson, som var på sitt første opphald hjå oss. Gilbert fekk óg sjå det gule kortet i kampen som enda 0-1.
I 2011 hadde me ein trong start på sesongen, og i 3. runde var me i Sarpsborg for å kjempa mot laget me rykka opp lag med frå året før. Det ville seg ikkje. Etter 2 minutt smalt ballen i nota bak Kenneth Udjus, og me gjekk på vårt tredje strake tap. Sogndal redda tilslutt plassen. Sarpsborg rykka ned.
Me har Kasper Nissen, Lars Christian Kjemhus og Kristinn Jónsson ute med skade. Les meir om dette her.
Nokre av spelarane våre er på utlån til andre klubbar. Dette gjeld Peter Aase og Kristoffer Ryland (Florø), Tomas Totland og Edin Øy (Fana), Magnus Pedersen (Elverum) og Kristian Fardal Opseth (Bodø/Glimt).
Sarpsborg har hatt ein sterk sesongoppkøyring om ein ser på resultata i treningskampane. Dei skal ein som kjent ikkje sjå seg blind på. Det er likevel ingen tvil om at me skal møta eit sterkt lag i morgon, og gutta må vera påskrudde frå start.
Ole Jørgen Halvorsen er tilbake i moderklubben han reiste frå til oss i 2009. Han har gjort seg gode erfaringar på rundreisa, som var til klubbane Fredrikstad, Odd og Bodø/glimt, etter at han drog frå Fosshaugane.
Ein annan gamal kjenning er assistenttrenar Tom Freddy Aune, som herja i angrepet vårt på nitti-talet.
Eliteserien 2017 startar i dag med nyopprykka Kristiansund mot Molde. Seks kampar går i morgon, og so avsluttar Vålerenga heime mot Viking på måndag.
For kampoppsett runde 1 og tabell, sjå på VG Live
På onsdag er det sesongopning på Fosshaugane Campus. Då tek me i mot Stabæk. Kjøp billett til den kampen her.