Før Avspark

Åsane - Sogndal. Åsane Arena, avspark kl 18:00

OBOS-ligaen går inn i siste tredjedel av sesongen, me er klare for den 21. runden av årets seriespel.

Me skal møta Åsane, og det er opningskamp på Åsane arena! Kampstart er klokka 18:00.

Slik går kampane i denne runden

Runde 20 enda med 0-0 mot Bryne - eit resultat og ein prestasjon me ikkje var nøgde med. I dag skal me slå tilbake, og det er viktige poeng som skal delast ut. For å henga med, bør dei vera med på bussen heimatt til Sogn.

Slik er tabellen før dagens kampar

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 23 18 5 0 59 14 45 59 V V V V V
2 Start Start 23 12 5 6 45 29 16 41 T V U T T
3 Kongsvinger Kongsvinger 22 10 7 5 46 35 11 37 V V V U V
4 Lyn Lyn 22 10 5 7 34 24 10 35 V U V U V
5 Aalesund Aalesund 22 9 8 5 39 32 7 35 V T T V V
6 Sogndal Sogndal 22 10 5 7 39 36 3 35 V V V U T
7 Ranheim TF Ranheim TF 23 10 5 8 34 38 -4 35 T U U V V
8 Egersund Egersund 22 9 6 7 35 35 0 33 V U U V U
9 Odd Odd 23 7 6 10 28 30 -2 27 U T U T V
10 Hødd Hødd 22 7 6 9 28 37 -9 27 U U T V V
11 Moss Moss 22 7 5 10 34 44 -10 26 U T V U T
12 Raufoss Raufoss 22 6 8 8 36 37 -1 25 V T T V T
13 Åsane Åsane 23 6 7 10 29 39 -10 25 V U U T T
14 Stabæk Stabæk 22 3 9 10 27 39 -12 18 T T U U U
15 Mjøndalen Mjøndalen 23 3 6 14 27 55 -28 15 T U T T T
16 Skeid Skeid 22 1 9 12 25 41 -16 12 U T T U T

Karane reiste til Bergen i går ettermiddag, fokuserte og revansjesugne etter cuptapet forrige onsdag.

For det er berre ei veke sidan me gjekk på eit tap mot akkurat Åsane i 3. runde i NM, etter ein kamp der me ikkje viste oss fram frå vår beste side. Det skal me retta på i dag!

Då me snakka med Andreas Hoven etter treninga i går, var han veldig klar på at cuptapet skulle revansjerast.





Eirik Lereng gler seg til kamp. Det har vore meir giv på treningane dei siste dagane, og det var ein munter gjeng som satte seg på bussen til Sveinung i går.



Trenar Eirik Bakke vil sjå eit lag som står opp og kjempar med nebb og klør i dag.

Me håpar at mange tek turen til folkefesten på Åsane Arena i dag! Det er kjekt at me skal vera med på opningskampen, men me skal ikkje vera så høflige at me ikkje tek med oss dei tre viktige poenga på bussen heim!

Kjøp kampbillett (på bortefeltet) her

Vêrmeldinga fortel oss at det skal vera overskya i Bergen i dag, der gradestokken skal halda seg rundt femten grader under kampen.

Runde 21, OBOS-ligaen 2021
Åsane – Sogndal
Åsane Arena
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: