Før Avspark

Rosenborg - Sogndal, Lerkendal Stadion klokka 18.00

Me er framme ved runde 14 av årets Eliteserie, og i dag skal me møta sjølvaste Rosenborg på Lerkendal.

Runden tjuvstarta i går med klassikaren Vålerenga - Lillestrøm på Ullevaal. Det var heimelaget som stod opp og vann ein fortent 3-1 siger, og med det klatra Enga nokre plassar på tabellen.

I dag og i morgon går resten av kampane i runde 14, som består av desse spennande oppgjera:

Laurdag
Vålerenga - Lillestrøm 3-1 (ferdigspelt)

Sundag
AaFK - Odd kl.18.00
Rosenborg - Sogndal kl. 18.00
Sarpsborg 08 - Brann kl. 18.00
Stabæk - Kristiansund kl. 18.00
Tromsø - Sandefjord kl 18.00
Viking - Haugesund kl. 20.00

Måndag
Strømsgodset - Molde kl. 19.00

For alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Me har snakka med ein fin kvartett før kampen i dag.

Eirik Bakke gler seg til kamp, og har prenta inn i gutta at alle må levera maks på Lerkendal.
- Me møter landets beste lag, her må arbeidshanskane på!

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Trønderen vår, Bendik Bye, er tilbake i byen han budde i gjennom fire år då han spelte for Ranheim. Får han sjansen frå start i dag, er han klar til å gi bånn gass.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Ungguten Ulrik Fredriksen tek stadig nye steg, og han har stått fram og gripe sjansen etter at han fekk debuten tidlegare i vår. No skal han på Lerkendal, og han gler seg.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Per Magnus Steiring er tilbake i Trondheim og klar til kamp mot gamleklubben Rosenborg Ballklub, Han gler seg veldig, og har tips om resultat og korleis sigersmålet kjem.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Vêrmeldinga
Sola har snudd, men sommarvarmen let vente på seg. Heller ikkje denne gong er Storm og Yr einige, og i dag går me for Storm. Dei kan melda om at sola vil sjå fram mellom skyene under kampen, og gradene vil halda seg trygt rundt 15-talet.

Billettar på bortefeltet kjøpast her

Les meir om Rosenborg her

Rosenborg - Sogndal 
Lerkendal Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: