Før Avspark

Aalesund - Sogndal, Color Line Stadion tysdag klokka 19.00

Då er endeleg tida inne for å kjempa om poeng! I dag startar OBOS-ligaen 2018 med dei seks første oppgjera, og me skal ut i rundens storkamp i morgon mot ligafavoritt Aalesund. I nord er Tromsdalen sin kamp mot Jerv utsatt pga vêrtilhøva.

Ei lang oppkøyring er med det ved vegs ende. Etter dei vonde dagane i desember i fjor, tok gutane ei velfortent ferie. I januar starta me oppatt med friskt mot. Me har hatt gode treningar i Sognahallen, på Idrettssenteret og på Fosshaugane Campus. Me har hatt to veldig gode treningsleirar på Gran Canaria og i Marbella. Trenarteamet har nytta tida godt, og karane er no klare for seriestart.

Håvard Flo har hatt det travelt i vinter med spelarar inn og spelarar ut portane på Fosshaugane Campus. Me tok ein prat med han under gårsdagens trening.


Runden

OBOS-ligaen startar i dag, og me ser fram til desse spennande oppgjera:

Tromsdalen - Jerv - Utsatt pga vêret

Åsane - Nest Sotra kl.15.00
Kongsvinger - Viking kl. 18.00
Ull/Kisa - HamKam kl. 18.00
Notodden - Levanger kl. 18.00
Mjøndalen - Florø kl. 18.00
Sandnes Ulf - Strømmen kl. 18.00

Som me kan sjå, er det ein del interessante oppgjer. Det er lokalderby på Åsane, og nyopprykka HamKam tek ein kort busstur til Ullensaker. Me får eit svar på korleis Viking ligg an når dei skal i aksjon på Gjemselunden og nyopprykka Notodden får sjansen til å visa seg fram på heimebane mot trønderbarter. Blir Mjøndalen å rekne med i år? Dei tek i mot våre vener frå kystbyen, og me ynskjer gutane til Terje Rognsø lukke til med årets sesong. I Sandnes tek ein av favorittane i divisjonen i mot Espen Olsen gutane hans.

I morgon skal det smella på Color Line Stadion:

Aalesund - Sogndal kl. 19.00

Kaptein Even Hovland gler seg til seriestart.


For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Trenar Eirik Bakke før avspark:

Vêrmeldinga
Me har hatt ein eventyrleg påske her i vakre Sogn, med strålande sol frå skyfri himmel. Det har óg vore skikkeleg med blå grader om nettene. Framme i Dalen kraup gradestokken godt ned mot 20-talet om nettene, og no får me håpa på litt varmare vêr framover. 

På Color Line Stadion er det meldt fattige 2-3 varmegrader under kampen. Tek du turen, lyt du vurdera å finna fram sokkabrok, hue og vottar.

Billettar på bortefeltet kjøpast her

Les meir om Aalesund her

Aalesund - Sogndal 
Color Line Stadion 
Avspark tysdag klokka 19.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: