
Før avspark borte mot Raufoss
Me er på plass i vestre Toten på jakt etter 3 poeng!
Karane reiste frå Sogndal i går med den flotte "STAO NO PAO" bussen, med snuten retta mot Raufoss. Etter trening og førebuingar er laget klare for kamp på Nammo stadion i kveld kl.18.00!
STARTELLEVER:
Raufoss har hatt ein god start på haustsesongen med 3 av 4 moglege sigrar sidan sesongen starta opp igjen etter sommarferien. Dei har vunne mot Skeid, Start og Kongsvinger og ligg førebels på ein 9.plass

Ifølgje statistikken har me hatt god kontroll på Raufoss siste åra. Me har vunne 7/10 av dei siste kampane mot Toten-laget som rykte opp til OBOS-ligaen i 2020. I dag er jobben til karane å la den statistikken halda fram i vårt favør, skal me ha sjansen på å liggja i toppen
Dette blir en viktig kamp for begge lag, er du klar for høg puls igjen? Ta turen til Nammo Stadion eller sjå kampen på Direktesport kl.18.00!
|
K | P | |
---|---|---|---|
5 | Aalesund | 22 | 35 |
6 | Sogndal | 22 | 35 |
7 | Egersund | 22 | 33 |
8 | Ranheim TF | 22 | 32 |
FORRIGE KAMP MOT RAUFOSS:
Kasper Skaanes debuterte i vår heime mot Raufoss med skåring, vil du mimre kan du lese om kampen her
Høgdepunkt frå kampen heime mot Raufoss
Me fekk også beskjed i dag at Daniel Gjerde Sætren og Mathias Øren er tatt ut til 4-nasjonersturnering i Sverige i perioden 7. - 13. september, du kan lese heile uttaket her
STAO NO PAO