Før Avspark
Sogndal - Brann
Det er duka for årets største kamp på Fosshaugane Campus: Sogndal - Brann, kampen ingen med hjartet i kvitt og svart vil gå glipp av! Avspark er klokka 18.00 på Fosshaugane Campus.
Vår kjære vaktmeister Sead Sabanovic døde frå oss sist fredag etter ein tids kamp mot kreftsjukdomen. Han har sidan opninga av Sognahallen i 1998 vore ein lojal, respektert og raus kollega og ven for alle oss i Sogndal Fotball. Før kampen mot Brann vil me hylle Sead med eitt minutts applaus.
Me skriv runde 10 av Tippeligaen 2017. Me har altso snart gjort unna ein tredel av sesongen allereie.
Runden startar i Barteby med klassikaren Rosenborg - Lillestrøm. Sjølv om det blir topp mot botn vil nok denne kampen bli som dei andre oppgjera mellom desse to med harde duellar, spenning og tøffe tak. Ekstra spesielt blir det i dag sidan Rosenborg markerar at klubben er 100 år. Sogndal Fotball gratulera våre vener i Trondheim! Det heile brakar laust på Lerkendal klokka 15.30 på laurdag.
Runde 10 består av desse spennande oppgjera:
Laurdag:
Rosenborg - Lillestrøm kl. 15.30
Brann - Sogndal kl. 18.00
Sundag
Aalesund - Sandefjord kl.18.00
Kristiansund - Haugesund kl. 18.00
Sarpsborg 08 - Vålerenga kl. 18.00
Tromsø - Strømsgodset kl. 18.00
Odd - Molde kl. 20.00
Måndag
Stabæk - Viking kl. 19.00
Me gjekk opp nokre plassar etter 1-2 mot Molde på tysdag. Tabellen før denne rundens kampar ser slik ut:

Brann so langt i år
Mange trudde nok at Brann hadde gjort meir enn maksimalt utav lite då dei tok sølv i fjorårets Tippeliga, dei overraska faktisk seg sjølv litt óg, seier ryktene. Og like mange forventa nesten at det skulle bli tøffare for dei i år. Men bergensarane har jammen stått opp og sanka inn poeng, vunne fotballkampar og ligg på 3. plass på tabellen med 17 poeng, berre 3 poeng bak Rosenborg som har 20. Ingen har skåra meir mål enn dei, og berre RBK har vore gjerrigare bakover. Me tek imot eit Brann-lag med veldig sjølvtillit og tru på seg sjølv. Det vert ein tøff kamp i kveld!
Brann sine 5 siste kampar:
Lillestrøm - Brann 0-2
Brann - Viking 1-1
Rosenborg - Brann 2-1
Brann - Molde 4-1
Brann - Sandefjord 5-0
Sogndal so langt i år
Me har verkeleg starta mai på ein solid måte, etter ein litt trang start i april der me surra litt rundt og fekk skade etter skade på spelarane. Heroisk innsats i Haugesund, fortsatte med utklassing av Viking, og på tysdag då me slo Molde var trenar Eirik Bakke stolt, rørt og glad. Ikkje minst var han veldig imponert over gutane sine. Me er i form, og me skal ta Brann på heimebane.
Sogndal sine 5 siste kampar:
Vålerenga - Sogndal 3-0
Sogndal - Lillestrøm 0-1
Haugesund - Sogndal 0-0
Sogndal - Viking 4-0
Molde - Sogndal 1-2
Vêrmeldinga
Det er ein alldeles strålande maidag, og den allereie vakre bygda vår har pynta seg ekstra i dag til storkampen. Bjørka er grøn og fjelltoppane kvite. Sola skin og under kampen seier meldingane sol med litt skydekke og i underkant av 20 grader. Det ligg an til ein flotte fotballkveld på Fosshaugane Campus!
Kjøp billett til kampen her. Det er framleis att nokre fåe plassar, so ver rask.
Bestilte billettar kan hentast i Bui fram til 13.00. Me opnar BillettBui att klokka 16.00.
Sogndal - Brann
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00
Stao no pao!!