Før Avspark

Sogndal - Raufoss. Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18:00

Me er inne i ein travel periode der kampane kjem tett som hagl no i resten av september. I dag er det full runde i OBOS-ligaen, og me har heimekamp!

Sogndal - Raufoss, avspark klokka 18:00 på Fosshaugane Campus!

Slik gjekk det då me møtte laget frå Toten på Nammo Stadion tidlegare i sommar

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Andreas Hoven og Akor Adams skåra måla våre då me slo Raufoss på Nammo Stadion i juli.

Her er resultata frå sist helg. Runde 17 baud på opp- og nedturar for laga i årets OBOS-liga

Det var ein skuffa gjeng som reiste heim frå Fredrikstad søndag. Karane leverte ein god kamp og hadde fortent betre. Fotballen kan vera brutal. Då er det bra at neste kamp kjem allereie i dag!

For det var mykje positivt å dra med seg vidare frå den kampen, og då passar det godt at det er nettopp Raufoss som skal få smaka på det i dag.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Me har snakka med assistenttrenar Marius Bøe før dagens kamp.

Det har vore mange tette kampar mellom dagens motstandarar, og sidan 1991 har me denne fasiten mot dei gulkledde frå Toten: Fem kampar har enda med jubel for Superlaget, to uavgjort og fire kampar har enda med jubel på Toten. Målskilnad 17-16!

Slik går dagens kampar i OBOS-ligaen

Før runden har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T
I dag er det opp på hesten - og det blir bånn gass frå første spark! Det er viktige poeng det skal kjempast om, dei skal vera att i Sogndal i kveld klokka 20.

Yr kan melda om litt overskya vêr i dag, med grader i underkant av tjuetalet. Under kampen kan det óg bli litt lett regn.

I dag vil me trenga vår tolvte mann! Det blir ein tøff og hard batalje. Kom på kamp og støtt karane! Kjøp billetten din her

Sogndal_runde_18.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: