Før avspark

Sogndal - Stabæk

Me har lagt skuffelsen etter tapet i Sarpsborg bak oss og er no klare for årets første fest på Fosshaugane Campus,

Det var sommar og varmt då me møtte laget frå Bærum i fjor. På Nadderud tok me ein flott tre-poengar etter at Mahatma Otoo skåra sigersmålet.


I slutten av august kom bærumslaget til oss, og det var me som tok leiinga eit stykke ut i 2. omgang ved Martin Ramsland. Utlikninga kom berre nokre minutt etter då Birger Meling tok på seg Maradona-skoa og dribla seg frå eigen banehalvdel og skåra i kampen som enda 1-1.




Stabæk hadde ein tøff sesong i fjor, og klarte så vidt å redda kvalikplassen foran Bodø/Glimt med siger i den siste kampen. I kvalikkampane slo dei Jerv, og redda plassen i Eliteserien.

I første runde klarte dei seg veldig godt, og tre mål av Ohi Omoijuanfo gjorde at dei slo AaFK med 3-1 på Nadderud. 

Vår gamle ven Tonny Brochmann kjem til oss i morgon. Etter at han reiste frå oss har han spelt i OBOS-ligaen for Sandnes Ulf og Jerv, og i fjor hadde han ein veldig god sesong. Det blir kjekt å sjå den danske drengen igjen!

tonny-brochmann-stabaek-2011_1lgvn3uhxg42a1h3k8zyd1fi4n
Vår gamle ven Tonny Brochmann, her mot nettopp Stabæk i 2011 (Foto: Rune Sjøberg)

Me vil ikkje rippa opp i gamle sår for mykje, og det er eindel sår mot Stabæk. Dei slo oss i første og siste runde i nedrykkssesongen 2014. Spør du Terje Skjeldestad om hans verste fotballminne, kjem kampen mot morgondagens motstandar i 1998 høgt på lista: 0-9 på heimebane. - Eg har aldri vore so flau nokongong som då, har Terje sagt fleire gonger.

Då er det kjekkare å minnast 16. mai i 2011. Me hadde ikkje vunne ein kamp so langt i sesongen, og reiste til Telenor Arena og 16. mai-fest med litt senka forventningar. So dukka sjølvaste Mats Solheim opp og klinka ballen i krysset frå 30 meter. Me vann 1-0 og fekk nytt håp.

I morgon er det sesongopning på Fosshaugane Campus, og me håpar på god støtte frå tribuna!

For å sjå rundens kampar og få oppdatert statistikk, sjå VG live

Her får du kjøpt billett til kampen.

Sogndal - Stabæk
Fosshaugane Campus
Avspark onsdag klokka 19.00

Annonse fra Obos-ligaen: