Før avspark
Tromsø - Sogndal
Det går unna om dagen, og i morgon er det allereie klart for 3. runde av Eliteserien 2017.
Me tek turen til Tromsø, der me skal møta eit lag som har berga poeng på overtid i begge kampane dei har spelt so langt i år. Dette skal me setja ein stoppar for i morgon!
Mot Brann var det Simen Wangberg som skåra til 1-1 og sikra eitt poeng på overtid, etter at Brann tok leiinga på Alfheim.
På torsdag var Tromsø i Stavanger og tok ei tidleg leiing ved eit sjølvmål på Viking Stadion. Viking utlikna, og kampen såg ut til å enda uavgjort, men so dukka innbytar Gjermund Åsen opp heilt på tampen og skåra slik at Tromsø tok med seg alle poenga heim.
Me må vera på frå start, og stå heile kampen ut om me skal ha med oss poeng.
I fjor sleit me veldig på Alfheim, og heimelaget tok ein fullt fortent 2-0 siger, der me fort kunne ha tapt med styggare siffer. Det var einvegskøyring mot Mathias Dyngeland.
Heimekampen enda 0-0, der begge laga hadde skot i metallet.
Uavgjort er et velkjent resultat mellom desse laga dei siste åra. Me har ikkje vunne på Alfheim sidan 2001, då me slo dei 3-2.
Dette har me planar om å endra på i morgon. Etter ein positiv kamp mot Brann i Bergen og ein kamp som var betre enn resultatet mot Sarpsborg, viste gutta seg fram mot Stabæk sist, og vann 4-1. Gutta er i form, og me har planar om å ta med oss alle tre poenga frå Alfheim.
For å sjå rundens kampar og få oppdatert statistikk, sjå VG Live