Før Avspark
Sogndal- Viking
Bjørka har kledd på seg den grøne vårdrakta og me er framme ved runde 8. av Eliteserien 2017.
Runden tjuvstarta i kveld med oppgjeret AaFK-Vålerenga. Bortelaget tok leiinga fem minutt før pause etter ein kjempeskåring av Hermann Stengel, som klistra ballen i krysset på eit flott langskot. Det vart den einaste skåringa på Color Line Stadion, som hadde straumbrot under store delar av kampen.
I morgon har me sju spennande oppgjer:
Stabæk - Rosenborg, kl. 16.00
Odd - Strømsgodset, kl. 18.00
Kristiansund - Lillestrøm, kl 18.00
Sandefjord - Haugesund, kl 18.00
Sarpsborg 08 - Tromsø, kl 18.00
Sogndal - Viking, kl 18.00
Brann - Molde, kl 20.00
Tabellen før morgondagens kampar ser slik ut:

Viking so langt i år
Siddisene har hatt en veldig tøff start på årets sesong. Stavangerfolket er kresne, og presset er aukande på dei mørkeblå. Etter fire strake tap i serieopninga, kom eit lyspunkt heime mot Odd med ein 3-0 siger. 1-1 mot Brann i Bergen runden etter var óg akseptabelt. Sist helg var det derimot håplaust. 0-2 mot Sandefjord på Viking Stadion er ikkje noko som ville imponert Reidar Kvammen særleg mykje.
Viking sine 5 siste kampar:
Sarpsbotg 08 - Viking 3-0
Viking - Rosenborg 0-1
Viking - Odd 3-0
Brann - Viking 1-1
Viking - Sandefjord 0-2
Sogndal so langt i år
Som bortelaget har heller ikkje Eirik Bakke sine menn hatt ein draumestart på sesongen, og me innehar 15. plass på tabellen, med eitt lite poeng meir enn Viking. Det har vore ein seriestart prega av store skadeproblem, der fleire av dei mest profilerte spelarane har fått langtidsskader. Gutane og trenarteamet jobbar knallhardt kvar dag for å snu trenden, og det me såg sist mot FK Haugesund var veldig oppløftande. Då spelte gutane med hjartet utanpå drakta. Med same guts og innsats i morgon, reiser Viking tomhendte heim.
Sogndal sine 5 siste kampar:
Tromsø - Sogndal 3-0
Sogndal - Strømsgodset 1-1
Vålerenga - Sogndal 3-0
Sogndal - Lillestrøm 0-1
Haugesund - Sogndal 0-0
Rutinerte karar signert
Med den akutte skadesituasjonen, der me stod att med Per Magnus Steiring som einaste friske stoggar i troppen, måtte Eirik Bakke og Håvard Flo ta eit ekstraordinært grep. I går vart det klart at me får eit gjensyn med Espen Næss Lund på Fosshaugane, og den pensjonerte landslagsspelaren Kjetil Wæhler gjer comeback som fotballspelar. Med dei to i gruppa, håpar me at rekka med kampar utan siger endar i morgon.
Vêrmeldinga
Storm og Yr er ganske so einige i varslane sine, og melder om at det skal bli overskya i Sogndal i morgon, men at sola bryt gjennom skydekket under kampen. Det meldast om i rundt 14 grader.
Billetten til kampen kjøper du her
Sogndal - Viking
Fosshaugane Campus
Laurdag klokka 18.00
Stao no pao!!