Før Avspark

Mjøndalen – Sogndal, Consto Arena, Avspark klokka 15:00

Me er ved den 12 runden av OBOS-ligaen 2023 og me er på Austlandet nok ein gong.

Me kjem til denne kampen etter å ha vunne heime mot Start i runde 11. Slik vart resultata i denne runden.

Med flott innsats og fine mål, kom både Valdimar og Jonatan på rundens lag sist. 

No står Mjøndalen for tur, eit lag som så langt i år ikkje har fått det heilt til å stemma. Så langt ligg dei på ein 10. plass på tabellen, men dei har plukka litt poeng i det siste, og er berre seks poeng bak Sogndal, som ligg på 2. plass før kampane denne helga. På onsdag fekk dei seg ein på kjeften i NM, og er nok veldig gira på å slå tilbake så fort som mogleg.

Me må altså vera skikkeleg påskrudde i denne kampen!

Slik går kampane i runde 12

Dette blir ein veldig varm affære. Yr har meldt strålande sol og gradestokken vil vera rundt 25 grader, i skuggen. På kunstgraset i Mjøndalen vil det vera mykje meir heitt, så her er det berre å drikka masse og smøra seg med solfaktor!

Me gler oss til kamp! Billett kan kjøpast her

Annonse fra Obos-ligaen: