Før Avspark

Sogndal - Sandefjord, Fosshaugane, Campus Sogndal - Avspark klokka 18:00

Me er klare for den 22. serierunden av årets OBOS-liga. I dag får me fint besøk frå kvalfangarbyen Sandefjord. Fosshaugane ligg nybada og fin, me er klare for fotballfest!

Sidan sist har me hatt ein pause i OBOS-ligaen. Nokre av karane har vore på landslagsoppdrag, nokre har hatt litt fri, og den siste veka har det vore god trøkk og bra driv på treningsfeltet. 

Det er ein ivrig og svolten gjeng som klør etter å ta fatt i dag, det skal blåtrøyene frå Vestfold få kjenna på.

Sandefjord kom til Saftbygda i går kveld. Me gler oss til kamp!

Runden
Runde 22 tjuvstarta i går på Kongsvinger då dei raude tok i mot årets suverene serieleiar. Det vart 1-1 der inne i skogen. Resten av kampane går i dag.

Kogsvinger - Aalesund 1-1 (spelt laurdag)
Jerv - Raufoss kl. 15:00
KFUM Oslo - Skeid kl. 15:00
Nest-Sotra - Tromsdalen 15:00
Strømmen - Start kl. 15:00
HamKam - Ull/Kisa kl. 18:00
Sandnes Ulf - Notodden kl. 18:00
Sogndal - Sandefjord. 18:00

Tabellen før denne runden ser slik ut.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 23 18 5 0 59 14 45 59 V V V V V
2 Start Start 23 12 5 6 45 29 16 41 T V U T T
3 Kongsvinger Kongsvinger 23 11 7 5 48 36 12 40 V V U V V
4 Lyn Lyn 23 11 5 7 36 25 11 38 U V U V V
5 Aalesund Aalesund 23 10 8 5 42 32 10 38 V T T V V
6 Sogndal Sogndal 23 10 5 8 40 38 2 35 V V U T T
7 Ranheim TF Ranheim TF 23 10 5 8 34 38 -4 35 T U U V V
8 Egersund Egersund 23 9 6 8 36 37 -1 33 U U V U T
9 Hødd Hødd 23 8 6 9 30 38 -8 30 U U T V V
10 Odd Odd 23 7 6 10 28 30 -2 27 U T U T V
11 Moss Moss 23 7 5 11 35 46 -11 26 U T V U T
12 Raufoss Raufoss 23 6 8 9 36 40 -4 25 T T V T T
13 Åsane Åsane 23 6 7 10 29 39 -10 25 V U U T T
14 Stabæk Stabæk 23 4 9 10 30 39 -9 21 T U U U V
15 Mjøndalen Mjøndalen 23 3 6 14 27 55 -28 15 T U T T T
16 Skeid Skeid 23 1 9 13 25 44 -19 12 U T T U T

Vêrmeldinga
Det er ikkje så mykje meir å melda enn at det er vått her i Sogn denne helga. Under kampen blir det regn, lett bris og rundt 8 grader. Det kan vera lurt å kle seg litt ekstra godt i dag.

Kom på kamp!
Me håpar at mange trossar vêret og kjem til Fosshaugane for å heia karane fram mot eitt av dei beste laga i ligaen. I lag med dykk skal me ta luven av kvalfangarane og sikra at tre poeng blir att her i bygda vår. 

Kjøp billett til dagens kamp her

Runde 22 av OBOS-ligaen 2019
Sogndal - Sandefjord
Fosshaugane, Campus Sogndal
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: