Før Avspark

Sogndal - Start, Fosshaugane Campus, Avspark kl. 15:00

Den vakre bygda vår er klar for kamp denne flotte dagen i juni. Ei strålande sol på ein skyfri himmel, våren er i ferd med å gå over til sommar. Det er berre å smøra seg inn med solkrem. Yr fortel oss at det under kampen skal vera rundt 20 grader og lettskya på Fosshaugane.

I dag er det den 11. runden av OBOS-ligaen, me får besøk av Start. Avspark er klokka 15:00.



Kasper Skaanes gler seg til møtet med gamleklubben.

Her er ein oversikt over dagens kampar.

No er det ei stund sidan me hadde heimekamp. Fire bortekampar på rad har me spelt, det blir godt å spela heime på Fosshaugane! Me håpar at mange tek turen for å støtta karane i kampen om viktige poeng.



Kjøp din kampbillett her



Trenar Tore André Flo er optimist før dagens kamp, men veit at det blir ein tøff batalje, slik alle kampane i denne ligaen er.
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 30 25 5 0 87 18 69 80 V V V V V
2 Start Start 30 16 7 7 58 35 23 55 U V U V V
3 Kongsvinger Kongsvinger 30 15 9 6 61 42 19 54 V V V T U
4 Aalesund Aalesund 30 14 10 6 56 35 21 52 V V U V U
5 Egersund Egersund 30 15 7 8 51 38 13 52 V V V U V
6 Ranheim TF Ranheim TF 30 14 6 10 48 48 0 48 U V T V V
7 Lyn Lyn 30 14 5 11 48 37 11 47 T T T V T
8 Sogndal Sogndal 30 12 7 11 49 48 1 43 U V T V T
9 Odd Odd 30 8 9 13 37 50 -13 33 U T U T T
10 Hødd Hødd 30 8 9 13 34 52 -18 33 U T T U U
11 Stabæk Stabæk 30 7 10 13 45 53 -8 31 V V T T T
12 Åsane Åsane 30 7 10 13 38 53 -15 31 U T U T U
13 Raufoss Raufoss 30 7 9 14 43 56 -13 29 T T V T U
14 Moss Moss 30 7 7 16 41 65 -24 28 T T U T U
15 Mjøndalen Mjøndalen 30 6 7 17 36 71 -35 25 T U V V T
16 Skeid Skeid 30 2 9 19 35 66 -31 15 T T T T V
OBOS-ligaen er jamn og tett i også i år - alle kampane er tøffe og ser me på tabellen er det berre seks poeng mellom Fredrikstad på førsteplass og Jerv på tiande. Start og Sogndal har like mange poeng på fjerde- og femteplass, kun eitt poeng bak FFK.

1 (2).jpg

Kven meiner du er vår bestemann i dag? Stem her

Me håpar at mange tek turen i dag til denne storkampen. Me treng støtta mot eitt av dei beste laga i ligaen. Kom på kamp!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: