Før kamp mot Start

Laget er på plass i Kristiansand på jakt etter 3 poeng

Karane er framme hos Kaptein Sabeltann og er klar for siste førebuingar før kamp. Eirik Wiberg Schulze og Start vann 3-0 mot Skeid tidlegare denne veka, dei melder på nettsiden sin at dei låner ut Deni Dashaev til Fløy - der han følgjer etter Levi Eftevaag som allereie er på plass for å hjelpa Fløy frå botnen av tabellen. 

Me fekk lesa nyheita i dag at tidlegare Sogndal speler Martin Ramsland har meldt permanent overgang til Ålesund, medan Mamadou Diaw går  motset veg på lån til Sandnes Ulf. Fredrikstad låner ut Lucas Lima til den svenske storklubben Helsingborg. 

K P
5 Aalesund 22 35
6 Sogndal 22 35
7 Egersund 22 33
8 Ranheim TF 22 32

Start ligg 3 poeng bak oss, så det er ein viktig kamp der begge er ute etter alle poenga. Me har ein mindre spelt kamp etter at kampen heime mot Kristiansund vart utsett. Det er endå ikkje klart med nytt kamptidspunkt for denne kampen. 

Me håpar du tek turen til Sparebanken Sør Arena om du er i området, og for de som er i Sogndal og vil sjå kamp på storskjem inviterer saftkokaradn til å ta turen ned til Fjøra pub frå kl.16.00. 

Billetter til bortefeltet Start-Sogndal finn du her!

Runde 18 i Obosligaen, Start - Sogndal blir sparka i gang Søndag kl.17.00 

Ha ein strålande laurdag! 
STAO NO PAO

runde 17 resultat.png
Annonse fra Obos-ligaen: