
Før kamp: Sogndal - Åsane
Me jaktar nye poeng på Fosshaugadn! A-laget
> Runde 24, OBOS-ligaen 2023
> Sogndal - Åsane
> Fosshaugane Campus
> Avspark klokka 15.00
Åsane kjem på besøk til Fosshaugadn, og me ønskjer å revansjera tapet i Fredrikstad. Etter førre runde står me med 34 poeng på ein 6. plass på tabellen. Åsane har hatt ein god periode med siger i dei tre siste kampane sine. Det gjer at dei har 26 poeng og ein 12. plass på tabellen. Det er tett i begge endar av tabellen og begge lag treng alle poenga i ein avgjerande fase av sesongen.
|
K | P | |
---|---|---|---|
5 | Aalesund | 22 | 35 |
6 | Sogndal | 22 | 35 |
7 | Egersund | 22 | 33 |
8 | Ranheim TF | 22 | 32 |
Fjøra pub opnar klokka 13:00, og tek i mot supporterar som ønskjer å samlast før kampen. Arrangementet er for alle, både store og små, som vil vera med på oppladninga. Her får du 15% rabatt på pizza om du viser gyldig kampbillett ved bestilling! Kjøp billett no og ta turen til Fjøra pub!
Målklubben er i gang frå klokka 14:00. Tore André kjem innom kl. 14.20 og presenterar dagens lag og kampplan!
JUNIORSVINGEN:
Juniorsvingen er Saftkokaradn sin avdeling for dei yngste supporterane og her er alle barn velkommen! Det blir lånt ut flagg og t-skjorter! For dei som ynskjer vil det vere mogleg å springe med flagg inn på bana og rundt midtsirkelen på Fosshaugane før avspark. Dei små supporterane må då vere på plass på feltet ca. 14:40.
I tillegg er det Sognekraft-losje for inviterte på kampdag, så det er mykje aktivitet på Fosshaugadn denne dagen!
Karadn er revansjelystne og klare for ein ny kamp. Me treng støtta frå deg på tribuna og håpar du kjem på kamp! Hjelp oss i jakta på 3 poeng!
STAO NO PAO!