Før kamp: Sogndal - Skeid

Me er klare for å kome sterkt tilbake!

På måndag melde Skeid på si eiga heimeside at dei har henta inn Arne Erlandsen som mellombels hovudtrenar, i eit forsøk på å redda plassen i Obosligaen. Dette kom etter at Gard Holme valt å fråtre som hovudtrenar

Det blir gjensyn med tidlegare sogndalspelarane Per-Magnus Steiring og Fredrik Flo, og for dei som har følgt med på lokal fotballen er også Torje Naustdal å finna i stallen til Skeid. Han og Lars Martin Kvarekål spelte saman for Florø Fotball (2018) før dei no er lagkameratar igjen for dei raude og blå

Me tok ein prat med hovudtrenar før morgondagens kamp:

"Etter ein skuffande kamp sist ønskjer me å kome fort opp på vårt beste igjen! Speleglede har stått i fokus dei siste dagane. Kampane kjem tett og me får ikkje gjort so mykje på feltet - derfor er det viktig for oss å fokusera på det me er gode på, samtidig som me luker bort feil som set oss i trøbbel defensivt. Me er klare for å kome sterkt tilbake!" - Tore André Flo

2023-08-21 13.18.40.jpg
Speleglede har stått i fokus dei siste dagane for Tore André og laget

Skeid betyr mellom anna veddeløp/kappritt og namnet stammar frå den tida då folk kom saman til eit årleg stemne med hestekampar, kappriding, varebyte, leik og slagsmål. Me håpar ikkje dette blir tilfelle i morgon, men det blir ein kamp om tilværet for Skeid - og me må ha poenga for å halda oss i toppen

KJØP KAMPBILLETT

resultat Skeid.png

Skeid er nøydd å ta poeng om dei skal klara å redda plassen i Obosligaen, dei ligg no på 16.plass med 11 poeng - 6 poeng ned frå 15.plassen Åsane. Dei har ikkje vore heldige etter sommarferien og står hittil med 5 av 5 moglege tap.

K P
5 Aalesund 22 35
6 Sogndal 22 35
7 Egersund 22 33
8 Ranheim TF 22 32

Dette er eit farleg lag å møta, for dei er endå meir svoltne på poeng! Me treng støtta på tribunen frå dykk, kom på kamp i svart og kvitt i morgon -og vis at du er med!

Sogndal - Skeid søndag 27.august  kl.17.00

STAO NO PAO!

SF23_kampannonse580x500_skeid.JPG

 

Annonse fra Obos-ligaen: