
Før kampen mot Kongsvinger
Gutta fra skogen er på vei til Sogndal og me er klar!
Det har vore OBOS camp denne veka på Fosshaugane Campus, og i dag avslutta dei med grilling og utsikt til treninga til Sogndal. På slutten av treninga kom heile gjengen frå OBOS camp og fekk helst på alle spelarane. Det vart autograf signering og bilete, til stor stas for både spelarar og dei små. Dette må vere den perfekte avslutninga på oppkøyring før kamp!
(Me har ein del tekniske problem med opplasting av bilete men vil komma med biletseriar og ei oppsummering på Obos camp so fort me har fått orden på det.)
Midt i signering fekk me også sjans å snakke med Hovudtrenar Tore André Flo om kampen i morgen:
"Me slite ikkje med skade slik mange klubbar gjer på denne tida, me har berre to som utegår i morgon mot Kongsvinger. Litt skadar må me rekna med på dette stadiet i sesongen
Me speler ganske god fotball for tida, og er på ein veldig bra plass spelemessig. Kongsvinger har same mål som oss denne sesongen, og det blir ein skikkeleg toppkamp med trykk - ein kamp me må vinna for å vera med i toppen.
Når det gjeld troppen så har me høvet til å bruka nesten alle, blir nokre små justeringar her og der, me møter ein litt annan type motstandar enn førre kamp mot Start.
Målet er å skåra på sjansane me får, og ta alle 3 poenga. Håpar alle som har moglegheit kjem på kampen og gir karane støtte, og so skal eg gjere min frå trenarbenken!"
Kongsvinger kaller kampen i morgon årets tøffaste bortekamp, det skal vi vise stemmer! Kom på kamp i morgon kledd i svart og kvitt, mykje som skjer timen før kamp so det er alltid lurt å møte opp i god tid - Kampstart kl.15.00
Ha ein god fredag kveld vidare, sjåast på Fosshaugane i morgon!
STAO NO PAO!