Før runde 23: - Ein god test

Etter cupavansementet mot Sotra rettar Sogndal blikket mot søndagens møte med Stabæk. To lag på jakt etter ein opptur møtest på nye Nadderud, og både Eirik Bakke og Kasper Skaanes har tru på at Sogndal kan sikre seg poeng.

Sogndal kjem til kampen etter 120 krevjande minutt mot eit formsterkt Sotra-lag i cupen.

Avansementet gav laget ei god oppleving, og hovudtrenar Eirik Bakke håpar det kan gi spelarane eit løft inn mot søndagens kamp.

–­­­ Me ønskjer først og fremst å levere ein god prestasjon og få med oss poeng. Dette er den siste kampen før ein kamppause på omtrent tre veker, så no handlar det om å ta ut det siste og gi alt. Eg håper å sjå mange liggje nede med krampe etter kampslutt, seier Bakke med eit smil.

To lag på jakt etter ein opptur

Stabæk tek imot Sogndal etter fire strake tap. Samstundes har heller ikkje alt gått Sogndal sin veg den siste tida. Det gjer søndagens oppgjer viktig for begge lag.

Eg håper å sjå mange liggje nede med krampe etter kampslutt

— Eirik Bakke

– Det er to lag som ikkje er inne i si beste periode. Alt flyt ikkje for oss heller, men me går inn i kvar kamp for å vinne. Me har tru på at det finst gode moglegheiter for å få med oss noko, seier Kasper Skaanes.

Etter den krevjande cupkampen har Sogndal prioritert restitusjon og roleg trening. Samstundes har laget arbeidd med å finne ein matchvinnande kampplan.

– Det blir ein god test på korleis me står fysisk etter eit tett kampprogram. No har me fullt fokus på Stabæk, og dette er ein kamp me gler oss til å spele, seier Bakke.

Kasper peikar på fleire område laget kan ta med seg frå kampen mot Sotra.

– Det blir viktig å halde riktige avstandar og ha ein god struktur i laget. Samstundes har me spelarar med fart på topp som me må klare å utnytte, seier han.

Skal gi alt

Bestillinga frå Bakke er å sjå eit Sogndal lag som legg ned ein maksimal innsats i den siste kampen før pausen.

– Eg vil sjå ei spelargruppe som teke ut alt. Me håpar å levere ein prestasjon som me kan vere nøgde med, og at det er nok til å få med oss poeng heim, seier han.

Sogndal må klare seg utan både Jamal Haruna (karantene) og Atli Barkarson (gjekk ut med skade mot Strømmen). Vegard Hagen, Emmanuel Mensah og Fabio Sturgeon er tilbake i trening etter skade, men denne kampen kjem for tidleg for dei.

Kampen vil bli vist på Malin, som er Sogndals offisielle visningsstad for kampane våre framover.

Her kan du sjå korleis det gjekk då Stabæk var på besøk på Fosshaugane i vår:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 22 16 1 5 68 37 31 49 T V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 22 14 5 3 63 34 29 47 V V U V U
3 Strømsgodset Strømsgodset 22 13 6 3 58 31 27 45 V V V U V
4 Stabæk Stabæk 22 13 3 6 55 28 27 42 V V T T T
5 Hødd Hødd 22 10 4 8 37 40 -3 34 V T V U T
6 Odd Odd 22 9 6 7 42 35 7 33 T T V U T
7 Bryne Bryne 22 10 2 10 28 31 -3 32 V V T T V
8 Egersund Egersund 22 8 5 9 35 39 -4 29 T T U U U
9 Lyn Lyn 22 8 4 10 38 44 -6 28 V V U U V
10 Ranheim TF Ranheim TF 22 7 4 11 52 57 -5 25 T T T U U
11 Strømmen Strømmen 22 7 4 11 33 48 -15 25
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 22 7 3 12 31 40 -9 24 T T V U T
13 Sogndal Sogndal 22 6 5 11 37 51 -14 23 V U T T U
14 Moss Moss 22 6 4 12 36 51 -15 22 T U T V T
15 Åsane Åsane 22 5 5 12 34 48 -14 19 V T U U U
16 Raufoss Raufoss 22 6 1 15 26 59 -33 19 T T T T V

Annonse fra Obos-ligaen: