Før runde 25: – Sju cupfinalar
Etter tre veker utan seriekamp er Sogndal klare for ein intensiv sesonginnspurt. På søndag ventar Åsane på bortebane, og hovudtrenar Eirik Bakke ønskjer å sjå eit Sogndal-lag som gir alt frå første stund. A-laget
Med åtte kampar på under ein månad vert det tett mellom utfordringane framover. Først går turen til klubben Bakke sjølv trente før han kom tilbake til Sogndal. Han kjenner Åsane godt og forventar eit hardtarbeidande heimelag.
For hovudtrenaren handlar førebuingane likevel først og fremst om eige lag. Målet er å finne tilbake til prestasjonane frå dei beste kampane denne sesongen.
– No er det berre å gå all inn. Me kan tenkje at me har sju cupfinalar, og dei byrjar no. Det blir ein intensiv periode, men eg gler meg i alle fall, seier Bakke.
I tillegg til sju seriekampar speler Sogndal også ein cupkamp borte mot Lillestrøm.
Klare for kamp igjen
Medan fleire spelarar har vore på landslagsoppdrag den siste tida, har resten av gruppa halde hjula i gang i Sogndal. Etter at landslagsspelarane kom tilbake, har laget hatt to fellesøkter med kamprelatert trening.
– Det blir godt å spele kamp igjen. Me må berre snu på det: Det beste for ein fotballspelar er jo å få spele mange kampar, så dette ser me fram til, fortel Bakke.

Atli Barkarson, Martin Høyland og Fabio Sturgeon er ute med skadar, men Vegard Hagen, Emmanuel Mensah og Kristoffer Lassen Harrison er tilbake og tilgjengelege utover hausten. Det gir Bakke og Sogndal fleire alternativ når laget går inn i ein periode der kampane kjem tett.
Krampe
Bakke meiner også at laget har fått satt seg meir, etter ein periode med mange endringar i spelargruppa. På søndag håpar han supporterane får sjå kva Sogndal kan vere på sitt beste.
– Eg satsar på at supporterane får sjå eit lag som gir alt og kjempar til krampa tek dei, seier hovudtrenar Bakke.
No er alt fokus retta mot søndag. Deretter handlar det om å nullstille og gjere seg klar til neste oppgjer mot Odd på onsdag.
Me oppfordrar alle som har moglegheit å reise til Bergen for å støtte Sogndal frå tribuna i ein viktig kamp! Her finn du billettar til Åsane-kampen.
Om du ikkje har moglegheit til å ta turen til Bergen, vert kampen vist hjå Malin Lounge Bar i Sogndal.
Allereie førstkommande onsdag spelar me heime mot Odd. Har du sesongkort, kan du ta med ein ven gratis! Billettar til denne kampen finn du her.
PS! Søndagens oppgjer har også ei familiekopling. Tobias Furebotn, veslebror til Sogndal sin sals- og marknadsansvarlege, Henrik Furebotn, spelar for Åsane. Medan Henrik arbeider med å skape engasjement rundt Sogndal, er Tobias ein del av laget som skal kjempe om poenga på motsett side.
OBOS-ligaen
|
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | Form | |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Haugesund Haugesund | 24 | 18 | 1 | 5 | 74 | 39 | 35 | 55 | V V V V V |
| 2 | Kongsvinger Kongsvinger | 24 | 16 | 5 | 3 | 70 | 35 | 35 | 53 | U V U V V |
| 3 | Strømsgodset Strømsgodset | 24 | 15 | 6 | 3 | 61 | 31 | 30 | 51 | V U V V V |
| 4 | Stabæk Stabæk | 24 | 14 | 3 | 7 | 57 | 31 | 26 | 45 | T T T V T |
| 5 | Odd Odd | 24 | 11 | 6 | 7 | 50 | 38 | 12 | 39 | V U T V V |
| 6 | Bryne Bryne | 24 | 12 | 2 | 10 | 33 | 31 | 2 | 38 | T T V V V |
| 7 | Hødd Hødd | 24 | 10 | 4 | 10 | 40 | 48 | -8 | 34 | V U T T T |
| 8 | Ranheim TF Ranheim TF | 24 | 9 | 4 | 11 | 61 | 58 | 3 | 31 | T U U V V |
| 9 | Egersund Egersund | 24 | 8 | 5 | 11 | 36 | 49 | -13 | 29 | U U U T T |
| 10 | Lyn Lyn | 24 | 8 | 4 | 12 | 39 | 49 | -10 | 28 | U U V T T |
| 11 | Strømmen Strømmen | 24 | 7 | 5 | 12 | 38 | 55 | -17 | 26 | |
| 12 | Sandnes Ulf Sandnes Ulf | 24 | 7 | 4 | 13 | 35 | 45 | -10 | 25 | V U T T U |
| 13 | Moss Moss | 24 | 7 | 4 | 13 | 38 | 54 | -16 | 25 | T V T V T |
| 14 | Sogndal Sogndal | 23 | 6 | 5 | 12 | 38 | 53 | -15 | 23 | U T T U T |
| 15 | Åsane Åsane | 24 | 5 | 5 | 14 | 34 | 53 | -19 | 19 | U U U T T |
| 16 | Raufoss Raufoss | 23 | 6 | 1 | 16 | 26 | 61 | -35 | 19 | T T T V T |