Før runde 26: Heile bygda på kamp
Sogndal får ein ny sjanse til å kjempe om tre poeng når Odd kjem til Fosshaugane onsdag. No handlar det om å nullstille, finne ny energi og gi ein tydeleg respons framfor eige publikum. A-laget

Med berre tre dagar mellom kampane må blikket raskt rettast framover. Søndagens oppgjer mot Åsane er gjennomgått, og hovudtrenar Eirik Bakke er klar på kva som gjeld no.
– Me har hatt ein gjennomgang, og så handlar det om å kome seg vidare og førebu oss til onsdag, seier Bakke.
Han ser den raske overgangen til neste kamp som eit høve til å slå tilbake.
– På onsdag skal me revansjere litt av tapet, for det var unødvendig og surt. No kjem det ein ny sjanse til å ta tre poeng.
- Har du sesongkort? Då kan du ta med ein ven gratis på kampen!
- Billettar finn du her
Dette skjer på kampdag
BILLETTAR
Har du sesongkort? Ta med ein ven gratis! Hent ut billett i billettbui før kamp.
Billettar kan kjøpast her eller i billettbui.
OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.
FAMILIE/JUNIORSVINGEN
Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro.
Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.
STUDENT
Studentane kjem inn gratis på saftkokarfeltet! Bruk promokode kokarstudent på TicketCo. Ta med studentbevis på kamp.
SENIORKLUBBEN
Møt opp ein time før kamp i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det blir servert kaffi og vaflar.
Program: Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.
SKRAOL
Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du spennande tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Perfekt opplading før avspark. God stemning og litt snacks, så er me klare når det brakar laus ute på bana. Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.
SOGNDALBUI
Vårt supportershop held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Sogndalbui finn du i Sognekraftgata.
BORTEFANS
Sjå: https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
🤍 STAO NO PAO 🖤
Hentar overskot til heimekampen
Førebuingane er tilpassa belastninga spelarane hadde på søndag. Medan dei som ikkje spelte, får trene godt, handlar det for resten om å hente seg inn.
Even Hovland fortel om roleg aktivitet på feltet og restitusjon før laget skal i aksjon igjen.

– Me restituerer godt, syklar og joggar litt, kosar oss med ballen, og så blir det massasje, badstove og kaldt bad. Me gjer oss klare til onsdag, då skal me smelle til igjen, seier kaptein Hovland.
Med ein ny kamp rett rundt hjørnet er det heller ikkje mykje tid til å dvele ved det som har vore.
– Me har gått gjennom kampen, og no er fokuset retta mot onsdag. Då har me ein ny sjanse til å ta poeng.
Vil setje trykk på Odd
Lars Jendal ønskjer at laget tek med seg lærdommen frå søndag.
– Spelemessig blir det mykje av det same. Trykkje på og prøve å få spelet over på deira halvdel.
Så er det nokre småting me må bli betre på sjølve, som me skal lære av til neste kamp, seier Jendal.
|
|
K | P | |
|---|---|---|---|
| 12 | Lyn | 26 | 28 |
| 13 | Sandnes Ulf | 26 | 26 |
| 14 | Sogndal | 25 | 23 |
| 15 | Åsane | 26 | 22 |
For keeperen handlar det om å få den førre kampen ut av systemet og møte Odd med fullt engasjement.
– Det er berre å kome seg opp på hesten igjen og gi alt ein har. No gjeld det å gå vidare og gi alt i den neste kampen.
Kom på kamp!
Onsdag treng me støtta frå tribunen. Alle med sesongkort kan ta med ein ven gratis til kampen mot Odd. Kom innom billettbui for registrering og hent ut ekstrabilletten.
Studentar kjem gratis inn på saftkokarfeltet (Lerum-tribuna)! Bruk promokoden «kokarstudent».
Ta med deg ein ven eller medstudent, og bli med og løft laget på Fosshaugane!
Me treng bygdi på kamp onsdag kveld! Difor drog Even og Vegard til Thon Senter Sogningen for å dele ut billettar og Klem frå Lerum. Det enda med at dei fekk prøve seg som butikktilsette på Meny Sogndal.