Fotballglede og inspirasjon i Sogndal 7. februar

Saman med Sparebanken Norge og Quality Hotel Sogndal inviterer Sogndal Fotball til ein fotballdag fylt med glede, inspirasjon og læring.

I samband med fotballshowet “Direkte Rødt!” laurdag 7. februar på Quality Hotel Sogndal blir det også lagt opp til ei fotballøkt i Sognahallen og eit ope foredrag på hotellet. Her blir det inspirasjon og læring saman med nokre av dei mest kjende fotballprofilane i Noreg - Brede Hangeland, Petter Myhre, Erik Thorstvedt og Jan-Henrik Børslid

Denne dagen er gjort muleg med støtte frå Sparebanken Norge og i samarbeid med Quality Hotel Sogndal

Fotballøkt i Sognahallen frå kl. 12.30 

Ei gruppe på 40 jente- og gutespelarar i alderen 13–15 år blir inviterte til ei treningsøkt i Sognahallen saman med dei nemnte fotballprofilane. Økta vil sjølvsagt vere open for andre å observere og la seg inspirere av! 

Dette blir ei inspirerande, lærerik og kjekk økt – tett på profilane dei vanlegvis berre ser på TV. 

Treningsøkta har fokus på: 

  • Individuell ballkontroll og tekniske ferdigheiter 
  • Tryggheit, meistring og mot med ball 
  • Mange involveringar og høg kvalitet 
  • Ha det kjekt! 

Det blir også ei eiga keepergruppe leia av Erik Thorstvedt, med målretta øvingar og tett oppfølging med likt fokus. 

Dette er ein del av “Direkte Rødt!”, og målet er å gi spelarane: 

  • Ei oppleving dei kjem til å hugse 
  • Inspirasjon frå toppfotballen 
  • Motivasjon til vidare trening og utvikling 

Etter økta blir det mingling ved Flostova/Bakkeplassen for alle som ønskjer. Her vil Brede Hangeland, Petter Myhre og Erik Thorstvedt vere til stades. 

Foredrag “Den norske modellen i breidde­fotball - speletid, topping og utvikling” 

  • Tid og stad: Kl. 17.00-18.00, Quality Hotel Sogndal 
  • Målgruppe: Breiddetrenarar og andre interesserte 

Kvelden blir leia av Jan-Henrik Børslid som moderator og held den raude tråden gjennom programmet. Det faglege innhaldet blir levert av Petter Myhre, Erik Thorstvedt og Brede Hangeland, som deler perspektiv frå både topp- og breidde­fotball, basert på erfaring, praksis og refleksjon. 

Foredraget tek utgangspunkt i korleis norsk barne- og ungdomsfotball er meint å fungere med vekt på: 

  • like moglegheiter til å spele 
  • langsiktig utvikling 
  • tryggleik, meistring og prestasjon over tid 

Gjennom samtale, døme og refleksjon blir tema som topping, speletid, foreldrepress og utvikling av gode miljø belyste. Det blir òg lagt opp til dialog med salen undervegs, og muleg panelsamtale avslutningsvis leda av Jan-Henrik Børslid. 

Etter den faglege delen inviterer Sparebanken Norge og Quality Hotell Sogndal til kaffi og uformell mingling, med høve til å slå av ein prat og ta bilete med føredragshaldarane. 

Kort om profilane: 

  • Jan-Henrik Børslid – programleiar og TV 2-profil kjent frå Premier League-studio 
  • Erik Thorstvedt – tidlegare kaptein og landslagskeeper, no TV-personlegheit og føredragsholdar 
  • Brede Hangeland – tidlegare kaptein for landslaget, no fagansvarleg i NFF 
  • Petter Myhre – ekspertkommentator og fotballtrenar for Vålerenga 

Påmelding foredrag; TRYKK HER. 
Foredraget er gratis. 

DIREKTE RØDT! // FOTBALLSHOW // QUALITY HOTEL SOGNDAL 

STAO NO PAO!

I samarbeid med Sparebanken Norge og Quality Hotel Sogndal inviterer Sogndal Fotball til ein fotballdag fylt med glede, inspirasjon og læring.
I samarbeid med Sparebanken Norge og Quality Hotel Sogndal inviterer Sogndal Fotball til ein fotballdag fylt med glede, inspirasjon og læring.

 

Annonse fra Obos-ligaen: