Frå Fosshaugane Campus til Myrdal Gress

Håvard Øygarden vert trenar i Åsane Fotball

Åsane Fotball har signert Håvard Øygarden på trenarkontrakt dei neste to åra.

- Eg gler meg veldig til å få vera med på å bygge opp Åsane som klubb, fortel ein stolt og glad Øygarden like før han dreg til Bergen.

Håvard har vore ein viktig del al Sogndal 2 og utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball dei siste åra.

Han vart henta inn av Sebastian Kaldestad og Tommy øren som styrte skuta den gong. Seinare var han assistenttrenar under Håvard Hatle i 1,5 år. Dei siste åra har han jobba tett med Marius Bøe, Jon Arild Halland og Vegard Hovland. Håvard har óg vore aktiv under deltakinga vår under Elite-turneringar. Under Lerum Cup dei siste åra har Håvard vore domaransvarleg.

Ein person som har vore veldig viktig for Håvard på og utanfor treningsfeltet er tidlegare oppmann Knut Idar Kristoffersen.

- Knut Idar og eg har holdt kontakt sjølv etter at han slutta som oppmann, og han er ein viktig samtalepartnar, seier Håvard.

I Åsane får han fleire hattar i ein 80% stilling. Han skal vera trenar for G19-laget, trenarkoordinator for barnefotballen og ha ansvar for innhaldet i Akademiet til Åsane.

- Det var no i sommar at Åsane tok kontakt med meg for første gong. Det var Roald Bruun-Hansen og Sindre Tjelmeland som spurte om eg kunne tenkje meg å vera med på i satsing i Åsane, fortel Håvard.

Gjennom hausten har dei hatt jamnleg kontakt, og er no einige om ein avtale.

- Det blir utruleg spennande, smiler Øygarden.

Det er ikkje med lett hjarte han forlet bygda i Sogn.

- Eg er jo halvt Sogning, og har alltid hatt ein draum om å bera Sogndal-logoen. Det er mykje eg kjem til å sakne her, seier Håvard, som faktisk er oppkalla etter Håvard Flo.

Det er Marius Bøe som har hatt mest med Håvard å gjera desse åra.

- Håvard er ein gut med ambisjonar, seier Marius, som kjem til å sakna ein kollega som er meir enn berre kollega.

- Håvard har vore som en son for meg. Spørjande, lærevilleg, omtenksom og ikkje minst hardtarbeidande. Ein gut å rekna med.

Håvard og Marius har hatt eit tett og godt samarbeid
Håvard og Marius har hatt eit tett og godt samarbeid

Marius har tru på at Håvard vil lukkast i Bergen.

- Det at han reiser til Åsane no, er eit riktig steg for Håvard. Spennande utfordringar står for tur. Han vil garantert utvikla seg både som menneske og som trenar.

Og han etterlet seg eit tomromhos både Marius og i klubben.

-Håvard blir sakna på Campus, men dette er garantert ikkje det siste me ser av Håvard i SIL uniform. Lykke til junior! 

Håvard på sin side seier at noko av det verste med å reise er at han må ta eit førebels farvel med Marius.

- Marius har vore utruleg viktig for meg, både som ung trenar, og som person. Han har teke vare på meg, og er i dag ein eg ser på som ein veldig god ven. Eg kan rett og slett ikkje få takka Marius nok for den tida me har hatt i lag. So langt.

For dette er nok ikkje det siste me får sjå til Vestfold-guten. Me håpar at han kjem tilbake til oss, men enn so lenge må me takka for ein kjempeinnsats.  Sogndal Fotball ynskjer han masse lukke til i Bergen.

Stao pao, Håvard!

Annonse fra Obos-ligaen: