Funksjonærsamling
Ny sesong, uante moglegheiter og tid for å samla funksjonærane våre att.
Torsdag 30.mars inviterte Sogndal Fotball til samling for funksjonærane våre.
Eirik og Terje innleia kvelden. Gutane har trent hardt i oppkøyringa.
Ingen skal jobba hardare enn oss
— Eirik Bakke
- Ingen skal jobba hardare enn oss, fortel Eirik. Ei av dei store utfordringane i år, er å forme eit «nytt» lag. 12 spelarar gjekk ut etter fjorårets sesong, mange med mykje rutine i beina. Laget har fått inn 9 nye spelarar, svoltne gutar med trøkk og løpskraft.
I trenartemaet er Yngve Myhre (medisinsk ansvarleg) og Helge Haugen (fysisk trenar) bytt ut med to blad Ripe frå Jølster. Dermed er det eit lokalt trenarteam som skal leia gutane i år. Eirik avsluttar med at me gledar oss til sesongen.
– Det manglar noko i Sogndal viss ikkje det er kamp på Fosshaugane. Flotte funksjonærar
Dagleg leiar i Sogndal Fotball IL, Egil Mundal, snakkar om stoda i klubben.
– Me er positivt spente framfor ny sesong, seier Mundal.
Fosshaugane Campus var ti år i fjor, det vert no jobba aktivt med oppussing og revitalisering. Hallèn er komen attende til bygda, og er ein veldig god ressurs i arbeidet med utviklinga på Campus. Med ei lita bygd på kring 8000 innbyggjarar kan me vere stolte over å ha eit fotballag i eliteserien.
– Det viser at me kan gjera store ting på små plassar, avsluttar Mundal.
Geir Inge Heggestad, arrangementansvarleg, hadde ein del praktisk informasjon til funksjonærane. Det kjem nokre stadionendringar i år.
Rasmus Mo avslutta kvelden dei siste seks minutta. Fotballkampane dreg i gang dugnadsanda hjå innbyggjarane i Sogndal, 18 000 timar på 15 arrangement.
- Dette er me stolte og takknemlege over, seier Mo.