Gåve frå Sparebanken Vest!

- Tildelinga gir oss moglegheit til å tilby «Gym’n’Gaming» til barn og unge allereie i sommar, seier Kolbjørn Rydvang, dagleg leiar ved Idrettssenteret AS

Sparebanken Vest overrekte i dag ei gåve pålydande kr. 225.000.- til det nyetablerte gamingsenteret i regi av Idrettssenteret på Fosshaugane Campus.

- Gaming er stort internasjonalt og no ynskjer idrettsmiljøet og gjera det stort i Sogndal óg. Difor er denne gåva so utruleg viktig for oss, seier dagleg leiar i Idrettssenteret, Kolbjørn Rydvang.

- Dette gjer at me kan utvikle det vidare og gjera det tilgjengeleg for fleire miljø. Skulle me få dette til, var me heilt avhengig av samarbeid. At banken spelar på lag med oss er utruleg kjekt, avsluttar Rydvang.

Konserndirektør Jan Erik Kjerpeseth var full av rosande ord.

- Dette er nok eit eksempel på at Sogndalsmiljøet alltid er framme i skoen. Gamingsenteret føyer seg inn i rekkja av modige og rette tiltak, seier Kjerpeseth.

- For oss er bidrag til tiltak for barn og unge særs viktig. Me deler difor ut store summar til slike og liknande etableringar. Det er viktig at barn og unge vert tekne på alvor, avsluttar konserndirektøren.

Styreleiaren i Idrettssenteret, Yngve Hallèn, seier at det er viktig at ein legg til rette for inkluderande miljø som har relevans for ungdomen.

- Gaming er like naturleg for barn og unge som å trene. Difor er me glad for samarbeidet med Playwell som har vore med på planlegginga av dette senteret. Men, etter at alt er planlagt, sett i system so er finansiering det viktigaste for realisering. Difor kjem slik gåver so utruleg godt med, seier Hallèn.

Annonse fra Obos-ligaen: