Gåvemidlar frå Sparebanken Norge!

Vår generalsponsor har vore på besøk til Fosshaugadn for å dele ut gåvemidlar!

Sparebanken Norge med "Gåvedryss" på Fosshaugane Campus. 

Vår rause generalsponsor bidreg til vekst og fellesskap akkurat der me bur og der me høyrer til. Dei støttar alt frå dei store ideane til dei små draumane, og held difor fram med å dele overskotet med kundane og samfunnet. I går samla dei små og store aktørar i lokalsamfunnet for eit gåvedryss på Fosshaugane Campus!

Gjennom mange år har Sparebanken Norge, tidlegare Sparebanken Vest, vore ein viktig samarbeidspartnar for Sogndal Fotball. Saman skal me alltid jobbe for å gjere kvarandre betre, og me er særs takksame for støtta frå ein trygg og god partnar.

- Sparebanken Norge er ein viktig partnar for oss, og me er veldig glade for denne rause gåva. Tusen takk til Jørgen [Mjelleli] og Sparebanken Norge for støtta og det gode samarbeidet, fortel marknadsansvarleg Terje Teigen.

Sparebanken Norge har delt ut gåvemidlar til lokalsamfunnet!
Sparebanken Norge har delt ut gåvemidlar til lokalsamfunnet!

Dagleg leiar Gisle Olsen fortel at bidraget frå Sparebanken Norge vil bidra til å styrke tilbodet for barn og unge i klubben:

- Gjennom dette bidraget ønskjer Sogndal Fotball, å styrke fellesskap, inkludering og utviklingsmoglegheiter for barn og unge. Fotballen fungerer som eit verktøy for å skape sosiale møteplassar, der alle barn og unge, uansett bakgrunn og føresetnader, får ein plass. Her er det mogleg å kombinere målretta oppfølging av spelarar, utvikling av trenarar og lavterskeltilbod som Sogndal United, med stor frivillig innsats og samarbeid på tvers. Målet er å skape eit varig, berekraftig og varmt fotballmiljø som styrker lokalsamfunnet – og lar alle barn og unge kjenne på meistring, tilhøyrsle og tryggleik. Me takkar Sparebanken Norge for at dei bistår med støtte til dette og visar at dei er ein samarbeidspartnar som tenker langsiktig og tenker heilheit.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: