God treningsøkt mot bra motstand

Det vart 8-2 mot Førde, Kristoffer Nessø skåra fire


Det vart 8-2 og ei godt gjennomført treningsøkt på kalde Fosshaugane Campus i kveld.

Stillinga til pause var 3-1 etter skåringar av Kristoffer Nessø (2) og Jónatan Jonsson.

Les om kampen i Sogn Avis

Karane fekk i seg litt varm Solbærsirup frå Lerum i pausen, og kunne fortsetja mot Dalatrekken i andre omgang. Det resulterte i fem skåringar for og eitt mål i mot. Måla våre vart ekspedert av Kristoffer Nessø (2), Martin Sjølstad, Jónatan Jonsson og sjølvaste Endre Kupen.

Kristoffer Nessø skåra fire mål og er på veg tilbake etter ankeloperasjonen.





Trenar Tore André Flo var litt meir nøgd med karane sine i dag enn etter kampen mot AaFK. Han fekk god respons etter praten han hadde med gjengen i går.

Karane har fri i morgon, så er det trening torsdag og fredag før ein god test mot Åsane på laurdag.

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: