Godfoten frå Ghana
Bli kjend med denne smilande karen Spelarportrett
Fotballkarriera til denne karen starta i Ghana. Etterkvart fekk han moglegheit til å spela fotball i Thailand. Her vart han i 4-5 sesongar. Fyrste møte med Sogndal var på utlån, men han fekk ikkje så mykje speletid denne sesongen. Når Sogndal rykka ned frå og opp att til Eliteserien fatta klubben interesse for ghanesaren att, og han kom attende til klubben i Saftbygda.
Korleis opplever du Noreg i forhold til Thailand og Ghana?
Når eg fyrst kom til landet var alt veldig ulikt frå det eg var vane med. Miljøet og folka var heilt forskjellig. «Eg skal jobbe her, og vil finne ut av ting etterkvart», var tankane mine kring det å flytta til Sogndal. Viss du vil fokusere og spele fotball er Sogndal staden. Dei har mange gode ting her. Det er veldig bra å vere her, fokusere og spele fotball, seier Gilbert
Korleis er botsystemet til klubben for deg?
Av og til forstår eg ikkje alt, eg snakkar ikkje språket. Det er gjerne misforståingar det går på. - Men det er ein del av fotballen det òg, seier Gilbert med eit smil.
Du fekk moglegheit til å spele på Ghana sitt landslag førre sesong?
Ja, eg spelte bra og hadde gode prestasjonar på bana. Så då eg fekk moglegheita. Å få førespurnad om landslagsspel er stort, den telefonen betyr mykje, for det er ikkje lett å koma dit.
Kva gjer du utanom fotballen? Har du nokre spesielle fritidsinteresser?
Nei, ikkje noko spesielt. Heng med vener. Når eg kjenner meg i form, trenar eg ekstra.
I kampen mot Viking scora Gilbert tre mål. I fjor var han assistkonge, medan i år har han spelt tolv kampar og scora fem mål. - Eg skal pushe på for å score fleire mål, avsluttar Koomson.
GIlbert Koomson
-
Alder: 22
-
Vaks opp i: Ghana
-
Posisjon: Midtbane
-
Kampar for Sogndal: 42
-
Draktnummer: 10