Godset vann i Marbella

Dagens treningsøkt vart av det korte slaget

Det vart 3-0 til Godset i Marbella i dag, i kampen som gjekk over tre omgangar, og tilsaman 50 minutt.

Sogn Avis sendte kampen direkte med Endre Romøren som kommentator. Her kan du sjå heile kampen i opptak, eller berre høgdepunkta. 

Me starta med dette laget: Daniel Sætren, Hördur Ingi Gunnarsson, Eirik Lereng, Per Egil Flo, Andreas Hoven, Anders Nord, Valdimar Ingimundarson, Henry Wise, Kristoffer Nessø, Peter Godly Michael og Kristoffer Hoven.

Undervegs fekk óg Mathias Sundberg, Mathias Blårud, Theo Mensah, Erik Flataker og Kristoffer Steinset speletid.

Det var i grunnen ein heilt jamnspelt kamp, der Godset utnytta sjansane sine og me sløsa med våre.

Etter dei femti minutta reiste Godset tilbake på hotellet medan karane våre drog i gong med litt ekstra trening. Så alt i alt må ein kalla dette for ei god økt i sola.

No er det berre ein treningsdag att før karane kjem heim til snørike Sogndal.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: