Guten som kom over fjorden for å sparka ball

Bli betre kjend med Eirik Skaasheim

Heilt sidan han var liten har fotball vore ein stor del av kvardagen til denne Balestrendingen. Dette var noko han meistra godt, og han vart stadig betre. I barndomsåra deltok guten på fotballskular i regi av SIL. Det vart også fleire turar over fjorden, til Sogndal, for å sjå kamp på Fosshaugane. 

Annonse:

Vidaregåande tok han i Saftbygdi, medan han på same tid byrja å spela for Sogndal 2. Tida her skildrar han som fantastisk, og utviklinga som fotballspelar var god. Han hadde eit ynskje om å spela på toppnivå i Sogndal i denne perioden. Etterkvart vart han teke opp i stallen til A-laget.

Kva er ditt beste minne i Sogndalsdrakta?

- I byrjinga var det veldig kjekt, den fasen når alt er nytt for deg. I 2012, rett etter eg hadde skrive mi fyrste kontrakt, så spelte me mot Molde. Dei var på dette tidspunktet regjerande seriemeistrar. Eg var russ dette året, og alle klassekameratar og vener var på tribuna. Det var kjempestemning og me slo Molde 2-1. Kvelden var kjekk vidare utover også, seier Skaasheim.

Eirik Skaasheim StartB 2011 Foto - Rune Sjøberg (3)
Eirik Skaasheim i sin fyrste kamp, mot Start i 2011. (foto: Rune Sjøberg)

- Eg trur det var Tommy Øren og Anders Stadheim som var i Balestrand når eg var liten og hadde treningar med oss. Me trente og åt pizza, det var gode tider. Det var jo stort for oss då, me såg opp til dei og då var det naturleg at nokon av oss ynskte å gå i same fotspora som desse karane Slike ting stimluerer til å vilja spela på toppnivå, seier balestrendingen.

8968487781_ee47a98554_o
Landskamp U21 mot Finland, 5.juni 2013 (foto: Rune Sjøberg)

På spørsmål om kva han bedriv dagane med utanom fotballen fortel Eirik om travle dagar. Han er i siste innspurt på bacheloroppgåva si, og dagane har går med til skule og trening. Ikkje eit minutt til overs, avsluttar han.

Eirik Bergum Skaasheim

  • Alder: 24 år

  • Vaks opp i: Balestrand

  • Posisjon: Forsvar

  • Kampar for Sogndal: 64

  • Draktnummer: 24

Annonse fra Obos-ligaen: