HEI!

La oss saman skapa ein god skulestart for alle!

Etter ei tid med korona og nedstenging av samfunnet, kan det vera vanskeleg å returnera til sosiale arenar igjen. Det har vore ein stor auke i einsemd spesielt blant unge. No er det om å gjera å gi ungdom ein så trygg skulestart som mogleg. For mange er skule ein plass der eksludering og mobbing er ein del av kvardagen,  og me må ikkje gløyma livet me har på nett. 
Me har alle eit behov for å bli møtte og kjende seg sett av dei rundt oss, derfor synest me at Hei-kampanjen MOT no køyrar er eit kjempe bra intiativ!

– Mange ungdommar gler seg, men me veit også at det dessverre er mange som gruer seg og har ein ekkel klump i magen før skulestart. I MOT ønskjer me å bevisstgjera alle viktigheita av å seia hei og sjå kvarandre. Eit hei kan bety forskjellen på ein god og ein dårleg dag for den du møter. Å seia hei kan krevja litt mot, men det kan faktisk forandra dagen, og kanskje live til nokon, seier leiar i MOT Noreg, Mariann Janson.

Inspirasjonen til Hei-kampanjen kom frå ungdommar som fortalde at eit "hei" frå ein klassekamerat kunne vera forskjellen på å kjenna seg inkludert eller ekskludert. Eit Hei er ein av dei enklaste måtane å møta kvarandre på, og målet er å løfta blikket og sjå menneske rundt seg.

Me er med på intiativet og kjem til å laga gøye opplegg rundt Hei* kampanjen i vekene framover, følg med! 

STAO NO PAO

1U3A0694.JPG
Samhald og inkkludering skapar trivsel for alle

 

Annonse fra Obos-ligaen: