Heiarop-konkurranse: Vinn jubileumsoppleving!

Ta med fotballaget på kamp mot Raufoss onsdag 21. oktober! Me inviterer til heiarop-konkurranse med gratis inngang for alle deltakarane. Laget med det beste heiaropet vinn ei losje med pizza til jubileumskampen mot Kongsvinger!

Det nærmar seg slutten av sesongen i OBOS-ligaen, og Sogndal skal kjempe om fleire viktige poeng på heimebane. Me håpar mange unge fotballspelarar vil ta med lagkameratane og bidra til god stemning på Fosshaugane.

Kampen er eit fint høve til å samle laget utanfor treningsfeltet og skape stemning på tribunen.

Kven lagar det beste heiaropet?

I samband med kampen arrangerer me ein heiarop-konkurranse. Oppgåva er enkel: Lag eit heiarop og hjelp Sogndal som den 12. spelaren!

Laget med det beste heiaropet og høgaste lydnivået vinn pizza til laget, plass i ei losje og gratisbillettar til jubileumskampen mot Kongsvinger.

Finn gjerne på noko kreativt, øv saman og ta med ein plakat som viser kva lag de representerer.

Slik blir de med

  • Meld på laget: Send lagnamn til theo.egge@sogndalfotball.no, til dømes Sogndal j2017.
  • Lag ein plakat: Ta med ein fysisk plakat med lagnamnet på kampen. Plakaten er eit krav for å delta i konkurransen.
  • Hent ut gratisbillettar: Bruk promokoden «sogndaliobos» på billettsida, og vel plass på felt G nedre, N nedre, Y eller Z.
  • Billettar finn du her

Me gler oss til å høyre dykk på tribunen!

Annonse fra Obos-ligaen: