Helsing frå Emil

- Eg vil rette ein takk til mange folk i dag

Me har fått ei helsing frå Emil som går ut til alle saman.

"Eg vil rette ein takk til mange folk i dag.

Først og fremst vil eg få takke støtteapparatet og helsepersonalet i Sogndal. Utan dei ville eg ikkje vore i live i dag.

Til alle spelarane og publikum på stadion for reaksjonen utan å nøle, seier eg takk.

Min familie, som kom rett frå Island og var ved min side då eg vakna opp, er uvurderleg.

Eg er rørt av alle meldingane og dei positive tankane eg har motteke frå heile verda dei siste dagane. Det har gitt meg og min familie styrke til å gå framover."

 

Me takkar for at vårt ønskje om ro og respekt rundt Emil og laget har vorte respektert.
Kontaktperson:
Geir Inge Heggestad, Sogndal Fotball
Telefon: 480 06 162

Mail: gih@sogndalfotball.no

Annonse fra Obos-ligaen: