
Kven blir «Årets fotballfrivillig 2025»?
No startar jakta på Årets fotballfrivillig og alle kan nominere sin kandidat fram til 26. oktober.
Denne artikkelen kjem frå OBOS og NTF sentralt og er omsett frå bokmål til nynorsk
For fjerde året på rad skal OBOS i samarbeid med Norsk Toppfotball og Norsk Ligafotball, kåre Årets fotballfrivillig.
– Frivilligheita er ei viktig bærebjelke i norsk fotball – både i toppfotballen og i breiddefotballen. I OBOS heiar me veldig på dei mange tusen frivillige som brukar av si eiga fritid for klubben sin, og difor ønskjer me å løfte opp dette viktige temaet, seier Eddie Chr Thomas i OBOS.
Skal heidre og hylle
Føremålet med kampanjen er å heidre og hylle dei som allereie gjer ein stor innsats som frivillig i dag, samt bidra til å rekruttere nye frivillige.
– «Årets fotballfrivillig» kan vera ein enkeltperson, som for eksempel ein materialforvaltar, ein trenar for klubben sine born og unge eller speakeren på stadion, eller ei gruppe, som for eksempel loddselgjarar, kampdags-vertar eller dugnadsgjengar, forklarer Thomas.
– Det er mange oppgåver som skal løysast i ein fotballklubb, både i kvardagen, men også på kampdag, under turneringar, cupar og så vidare. Me veit at dei frivillige sin innsats betyr enormt mykje, så me håpar folk no kjenner si besøkelsestid og nominerer sin kandidat, slik at me til slutt kan kåre ein verdig vinnar til «Årets fotballfrivillig 2025», avsluttar Thomas.
Om Årets fotballfrivillig 2025
Kampanjen er initiert av OBOS, med Norsk Toppfotball og Norsk Ligafotball som viktige samarbeidspartnarar. Kandidatar kan nominerast fra 1.-26. oktober på fotballfrivillig.no. En jury vil deretter plukke ut 16 finalistar. Til slutt er det folket sine stemmer og ein jury-vurdering som avgjer vinnaren. Vinnaren kårast i slutten av november.
Vinnaren mottar et Universal-gavekort til ein verdi av 10.000 kroner, samt 30.000 kroner til klubben sin.
Tidligere vinnere:
2022: Stina Mostervik, Ranheim IL Fotball
2023: Geir Josefsen, Ås Fotball og Sara Yasmin Abid, Røa Fotball Elite
2024: Trine Arntsen, Svolvær IL
For ytterligare kommentarar, kontakt:
OBOS: Eddie Chr. Thomas, sponsoransvarleg idrett og aktivitet, tlf. 414 77 340
Norsk Toppfotball: Iren Kjus, Partner- og Eventansvarleg, tlf. 412 741 00
Norsk Ligafotball: Kari Lindevik, Dagleg leiar, tlf. 918 98 097
STAO NO PAO!