
I gang med treninga etter Spaniaturen
Her er litt info om dei neste dagane
Karane er i gang att med treninga etter nokre dagar med fri.
I dag kunne dei for første gang i år sleppe seg laus på ein heilt strøken matte på Fosshaugane, og Rune Bolli Bolseth gler seg over å vera tilbake i storstova vår.
Her fortel Bolli litt om treningsleiren og om laurdagens treningskamp mot Aalesund, der han får møta sin gode ven og tidlegare partner in crime, Marius Lenni Bøe, som no er assistenttrenar på Color Line Stadion.
Dei neste dagane har me desse kampane for våre lag:
Laurdag 25/2 kl 13:00: Aalesund - Sogndal, Color Line Stadion (kan sjåast på Sogn Avis)
Søndag 26/2 kl 15:00: Brann - Sogndal NG19, Varden Amfi i Fyllingsdalen
Tysdag 28/2 kl 18:00: Sogndal - Førde, Fosshaugane Campus (om vêret held seg innafor, blir det skikkeleg ruskevêr går den i Sognahallen)
Her er nokre bilete frå dagens trening











12. mars møter me Lillestrøm i cupen! For å ta oss vidare på vegen til Ullevaal treng me vår tolvte mann på tribuna! Billettar til den kampen kjøper du her