Innkalling til årsmøte 2026
Sogndal Fotball kallar inn til årsmøte tysdag 10. mars.
Årsmøte til Sogndal Fotball vert halde på Fosshaugane Campus tysdag 10. mars kl. 18.00.
Tid: Tysdag 10. mars kl. 18.00
Stad: Svingen-bygget, 2. etasje
Innkomne saker må vera i hende styret på e-post til post@sogndalfotball.no innan 24. februar.
Saksliste
- Godkjenne dei som har stemmerett
- Val av dirigent
- Val av protokollførar(ar)
- Val av to representantar til å underteikne protokollen
- Godkjenning av forretningsordenen
- Godkjenning av innkallinga
- Godkjenning av saklista
- Behandle årsmeldinga
- Behandle
- Rekneskapet til idrettslaget
- Den økonomiske meldinga frå styret
- Eventuell melding frå kontrollutvalet
- Eventuell melding frå engasjert revisor - Behandle andre saker som kjem fram av godkjend sakliste
- Vedta budsjett
- Endring av vedtekter
- Val
- Styre med leiar, nestleiar og 3-7 styremedlemmer
- Kontrollutval med 2 til 3 medlemmer
- Valkomite med 2 til 3 medlemmer
- Val av revisor
- Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane.
- Eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget.
Røyste- og talerett på årsmøtet
Årsmøtet er ope for alle, men berre medlemmar har røyste- og talerett. Sogndal IL Fotball er del av allianseidrettslaget Sogndal Idrettslag, og ein må difor vere medlem både i Sogndal IL Fotball og Sogndal Idrettslag. For å ha røysterett på årsmøtet må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent.
Årsmøtepapir vert publisert her på sida seinast 1 veke før årsmøtet.
Velkommen!