
Invitasjon til allmøte med Sogndal Fotball
Tysdag 5.september kl.16.30 er alle velkommen til Flostova på Fosshaugane Campus
Me inviterer alle som ynskjer å få ei oppdatering frå klubben! Som klubb ynskjer me alltid å følgje våre eigne ambisjonar om å vera open, inkluderande og ærleg
Tre lange fjordar speglar av dei høge fjell, der fossefall og vakre elvar renn, der isbreane blenkjer stolt i sola, der fins ein gjeng med staute menn!
— Eit folk står samla
►Me inviterar til allmøte i Flostova på Fosshaugane Campus tysdag 5.september kl. 16.30 - Me håpar alle som har hjarte for klubben og bygda kjem - og saman kan me ha ein open dialog
►Sport, administrasjon, økonomi, arrangement og anna kjem med oppdateringar rundt arbeidet og kva som skjer vidare i haust, og våre mål framover
►Det er også høve for andre ting de måtte lura på, og alle er velkommen til å komme med spørsmål under møtet - me ønskjer dykkar tilbakemeldingar!
- Vil du stille spørsmål til oss på forhånd som me tek opp under møte? Send kommunikasjonssjef Ariel Lillestøl ein mail til ariel@sogndalfotball.no (Du kan velge om me nevnar navn eller ikkje når me tek opp spørsmålet)
Me gler oss til å sjå dykk på tysdag,
- Med sportsleg helsing Sogndal Fotball
STAO NO PAO!