Jamal Haruna utlånt til Skeid

Sogndal Fotball og Skeid er samde om ein utlånsavtale for Jamal Deen Haruna

Sogndal Fotball og Skeid er samde om ein utlånsavtale for midtstoppar Jamal Deen Haruna, f. 23. oktober 1999. Avtalen strekkjer seg ut sesongen.

Jamal kom til oss frå Raufoss juni 2024. Han gjekk deretter på utlån tilbake til Raufoss resten av sesongen, og i praksis kom han fyrst til Sogndal før årets sesong. For Luis Pimenta har det blitt 17 kampar på bana, men med tøff konkurranse på stopparplass har det blitt begrensa speletid. No reiser han til Oslo og Nordre Åsen for å spele for Skeid ut sesongen.

- Dette er ei veldig fin moglegheit for Jamal til å få verdifull speletid resten av sesongen. Det er viktig for både oss og Jamal at han får speletid på høgst mogleg nivå, og i Skeid får han gode moglegheiter for det i haust, fortel Håvard Flo.

Divisjonskollega Skeid kjempar for å halde plassen i OBOS-ligaen, og det vil by på mange gode moglegheiter for Jamal. Me ønskjer han masse lukke til, og følgjer litt ekstra med på Skeid og Jamal utover hausten!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: