Jubelkveld - med bismak
Gutta slo Stabæk 4-1, Ole Amund ute med skade.
Gutta Krutt stod opp og slo Stabæk med 4-1 i kveldens kamp på Fosshaugane Campus.
Videoen er ikke tilgjengelig.
Ole Amund Sveen skåra vårt første mål. Sjølv om det offisielt står sjølvmål, er dette Ole Amund si skåring.
Han ofra alt i duellen med Stabæk sin keeper, og fekk ein stygg skade på kjøpet. Me kjem med meir info om skaden i morgon når me har fått rapport frå sjukehuset og lege.
Gutta blei prega av at kameraten måtte ut på båre, og ville gjera alt for at dei kunne gje han sigeren.
Laginnsatsen var stor, og ein tok fleire tunge løp. Det stod 1-0 til pause.
I andre omgang skåra Bendik Bye to flotte mål, før Stabæk reduserte. På stillinga 3-1 fekk Bjørn Inge Utvik straffe. Den ekspederte Gilbert Koomson iskaldt i nota, til sluttresultatet 4-1.
Det var flott å sjå korleis gutta reiste seg. Og samstundes trist at Ole Amund måtte av bana på ein slik måte. Han er veldig viktig, både på og utanfor bana.
No skal me kosa oss med sigeren i kveld, so er det fokus inn mot kampen mot Tromsø på Alfheim på søndag.
Sogn Avis: Bye, Bye, Stabæk