Jubileumsdrakta er her

Salet startar i dag!

Sogndalbui held onsdag ope mellom kl. 16 og 18 i dag. Ta turen innom og sikre deg drakta!

Drakta blir tilgjengeleg i nettbutikken frå torsdag kl. 09.00.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Ein oktoberdag i 1976 sprang eit lag frå nivå tre ut på Ullevaal for å spele cupfinale. Det markerer på mange måtar starten på eit eventyr få trudde var mogleg.

I år fyller Sogndal IL 100 år og samtidig markerer me 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til.

For å markera jubileet lanserer me ei jubileumsdrakt inspirert av drakta som vart bore av laget i cupfinalen. Drakta kjem med den klassiske Sogndal-logoen og er laga som ei hyllest til spelarane, supportarane og historia som har forma klubben gjennom fem tiår. Drakta skal brukast i jubileumskampen mot Kongsvinger 25. oktober. 

Spelardrakta er til vanleg ein viktig plattform for synlegheit for partnarane våre. På jubileumsdrakta har me saman valt ei anna løysing, inspirert av dei første tiåra med fotball på Fosshaugane. At Sparebanken Norge, Lerum, Sognekraft, Wattn og Skipavika vel å stå utan logo på drakta denne gongen, seier mykje om engasjementet deira for klubben, historia vår og jubileet me markerer saman.

Drakta er designa og produsert i samarbeid med Umbro og Avery Dennison NTP i Gaupne.

Tusen takk for støtta og for at de er med på laget.

 

Annonse fra Obos-ligaen: