Kapra eitt poeng

Stor laginnsats i Haugesund

Det vart 0-0 i dagens oppgjer mot Haugesund. Resultatet kan nok høyrast litt trist ut, men dette var kampen som hadde alt, bortsett frå skåringane: Dramatikk, skada spelarar, harde duellar, raudt kort, straffespark. Det var ein spennande kamp.

Og gutta la ned ein kjempejobb og stod fram som eit lag som jobba for kvarandre.

Tung start
Med ei skadeliste som gjorde at Bakke hadde berre med  seg seksten mann i kamptropp, var ein ny skade det siste me ville ha i denne kampen. Men allereie etter nokre få minutt gjekk kaptein og bauta Bjørn Inge ned for teljing i feltet. Han måtte ut på båre og vart erstatta av Lars Christian Kjemhus. Lars gjekk ned på back, Victor Grodås tok plassen i midtforsvaret.

Og so skulle det visa seg at Bjørn Inge brakk ankelen og er ute med langtidsskade. Me snakka med pappa Einar rett etter kampslutt.


Les i Sogn Avis: Tok til tårene etter beinbrotet: - Eg kjem sterkt attende!

Stod i mot presset

Karane stod opp og kjempa for laget og kapteinen sin. Haugesund var på fleire farlege visittar, men en særdeles godt opplagt Mathias Dyngeland holdt kassa rein til pause.

Flott debut vart belønna med raudt kort

Debutant Ulrik Fredriksen gjorde ein heroisk innsats. 17-åringen har lagt ned mykje bra arbeid dei siste månadane, og stått på. Den målretta jobbinga vart kruna med ein plass i startelevaren.

Kven skulle tru at guten er ein 17 år gamal amatør der han valsa opp med namn som Eirik Huseklepp utpå det grøne graset? Ulrik hadde fleire solide involveringar, og redda oss ved fleire høve.

Etter 76 minutt måtte debutanten forlate bana. Han fekk raudt kort etter å ha redda ei skåring i mot - med handa. Ulrik får meir enn godkjent etter debuten sin, og han tok ein for laget då han fekk det raude kortet. Me kjem garantert til å få sjå mykje til Ulrik i åra som kjem.


Stengte buret
Dette var dagen då me skulle halde nullen. Mathias Dyngeland hadde studert straffeskyttaren før kampen, og keepertrenar Terje Skjeldestad kjente seg trygg på at han ville redda. Som ein panter låg han der og redda skotet.

Mathias varta opp med en stor kamp, og vart kåra til banas beste med 8 poeng på børsen i VG. Sjølv var han som vanleg litt beskjeden og audmjuk då me snakka med han etter kampen.


Heimelaget pressa på mot slutten av kampen, men me stod i mot presset, og tok med oss eit viktig og kjærkoment poeng på bussen heimatt.

Alle gutta fortener skryt etter stor innsats i kampen. Samtlege spelte med hjartet utanpå drakta, og trenar Eirik var veldig stolt over gutta sine etter kampslutt.




På laurdag ventar Viking på Fosshaugane Campus. Billett til den kampen kan kjøpast her.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: